Nynorskvenleg statsminister måtte gå

Artikkelen fortsetter under annonsen

Målsaka har skapt mykje strid i Noreg opp gjennom åra, men det er sjeldan at ho har felt regjeringar. Men det hende i 1912.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Wollert Konow S.B. (1845 - 1924) er den einaste norske statsministeren som har gått av på grunn av målsaka. (ill. www.nb.no)Wollert Konow S.B. (1845 - 1924) er den einaste norske statsministeren som har gått av på grunn av målsaka. (ill. www.nb.no)

I desse dagar slår Noregs Mållag på stortromma og feirar at laget er hundre år. Mållaget har store planar for aksjonar og vonar å få godt gjennomslag i media. Men så mykje oppstuss som det vart av målsaka i 1912, skal det godt gjerast at dei får til.

Fest i Bondeungdomslaget


I 1910 vart Wollert Konow frå Fana (i dag i Bergen) statsminister for partiet «Frisindede Venstre», i koalisjon med Høgre. Den 28. januar 1912 var Konow med på ein fest i Bondeungdomslaget, og dét vart opphavet til regjeringskrisa.

I ein tale på festen snakka Konow varmt om målsaka, og det var meir enn regjeringsmedlemene frå Høgre kunne tola. Dei meinte han braut med den nøytraliteten ein regjeringssjef måtte syna i målsaka, og trekte seg frå regjeringa. Den 16. februar 1912 søkte Konow avskil som statsminister.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Taksam i min inderste sjæl»


Det var Jørgen Løvland (1848 - 1922) som bad Wollert Konow med på den lagnadstunge festen i Bondeungdomslaget. Løvland var venstremann, to gongar statsminister og leiar i Noregs Mållag 1909 – 1912. (ill.: Aust-Agder fylke)Det var Jørgen Løvland (1848 - 1922) som bad Wollert Konow med på den lagnadstunge festen i Bondeungdomslaget. Løvland var venstremann, to gongar statsminister og leiar i Noregs Mållag 1909 – 1912. (ill.: Aust-Agder fylke)

Det var altså ikkje regjeringa sin politikk eller tilhøvet til Stortinget som felte regjeringa, noko Konow gjorde eit poeng av då han tala om saka i Stortinget 10. februar.

Men kva var det Konow hadde sagt som var så opprørande? Han tok det sjølv opp att frå talarstolen i Stortinget:

«Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt og sterkt og inderlig knyttet til landsmaalsbevægelsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Jeg har været og er og vil alltid vedbli at være taksam i min inderste sjæl, fordi jeg engang blev knyttet til denne sak; ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning, at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det sidste halve hundredaar.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bondeungdomslaget i Oslo har vore ein sentral medspelar i arbeidet for norsk språk og kultur i over hundre år. Det var på ein fest her at Wollert Konow sa dei orda som skulle kosta han statsministerposten. Biletet syner ein leikarring i BUL. (ill. www.folkedans.com)Bondeungdomslaget i Oslo har vore ein sentral medspelar i arbeidet for norsk språk og kultur i over hundre år. Det var på ein fest her at Wollert Konow sa dei orda som skulle kosta han statsministerposten. Biletet syner ein leikarring i BUL. (ill. www.folkedans.com)


Jens Bratlie frå Høgre tok over som statsminister då Konow gjekk av, men han sat berre til valet året etter, då Venstre skipa regjering med Gunnar Knudsen som statsminister.

Wollert Konow kom ikkje meir med i regjering.

Les meir på nettet:

  • Om Wollert Konow S.B. på Wikipedia

  • Om små og store hendingar i nynorsk-historia, sjå Nynorsk kunnskapsbase hjå Aasentunet

  • Om Noregs Mållag her


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving