Mi TV-helg (17): Å smyge forbi sportssendingane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er OL, det har vel alle fått med seg, bortsett frå oss med sportsfilter. Vi har øyre som lukkar seg igjen når vi høyrer ordet sport, eller noko med hundredels sekund.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tyra Banks er ein modell som har sitt eige talkshow. (Foto: heede.biz)Tyra Banks er ein modell som har sitt eige talkshow. (Foto: heede.biz)

Eg har sportsfilter, og må anstrenge meg veldig for å vite at OL byrjar i dag i Torino. Når vi har litt kanalar å velje mellom, er det heldigvis ikkje umogleg å finne noko anna å sjå på når ein skal ta det litt med ro i helga.


FREDAG
Amerikansk snikksnakk

Eg må innrømme at eg synest det er artig å sjå på snakkeprogram. Klokka 16 i dag (og alle kvardagar) sender TV Norge «The Tyra Banks Show». Førre gongen eg såg det, handla programmet om puppar. For eksempel beviste Tyra at puppane hennar er ekte, med ultralyd på direkten. I dag feirar ho at det endeleg er fredag.

Klok på bok


Klokka 19.30 sender NRK2 det femte av ni delar av «Bokprogrammet», ein norsk litteraturserie. Denne veka får vi møte

Tor Åge Bringsværd har skrive mange gode bøker, både for barn og vaksne. (Foto: Gyldendal)Tor Åge Bringsværd har skrive mange gode bøker, både for barn og vaksne. (Foto: Gyldendal)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

blant anna forfattaren Tor Åge Bringsværd, som fortel han kvifor han no har byrja å skrive nye bøker om Ruffen, sjøormen som ikkje kunne symje.

Thailandsk kjærleik


Ved midnatt kan vi sjå ein dansk dokumentarserie på TVNorge, «Kjøpt fri til kjærlighet». Tre menn reiser til Thailand for å finne seg koner, dei danske jentene vil ikkje ha dei på ordentleg. Dette er jo eit utbreidt fenomen også i Noreg, og interessant å sjå nærare på.

LAURDAG
God kveld, Jorun


Jorun Stiansen vann Idol, og til og med ein nynorskpris. (Foto:popit.no )Jorun Stiansen vann Idol, og til og med ein nynorskpris. (Foto:popit.no )

Kven hugsar ikkje Jorun Stiansen, den artige jenta frå Vennesla som vann Idol i fjor? «God kveld, Norge» har følgt Jorun på jobb og privat på vegen mot platelansering. Eg saknar Jorun litt, og synest det skal bli gildt å møte henne igjen. Det får eg laurdag klokka 16.30 på TV2.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Flinke barn og merkelege vaksne


Det har vore skrive om «Barnas Supershow» før her i mi TV-helg. Sjølv har eg berre sett programmet ein

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hønsemannen, her i følgje med Ekornjenta. (Foto: NRK)Hønsemannen, her i følgje med Ekornjenta. (Foto: NRK)

gong, men det gjorde inntrykk. I Barnas supershow er det barna som er programleiarane, dei vaksne er berre med som nokre merkelege figurar, til dømes «Hønsemannen», ein merksnodeleg type. Artig for ungane, imponerande for oss vaksne. Klokka 17 på NRK1, og klokka 18 på NRK2.

Anne og Per


Det er alltid kjekt å sjå på «Store Studio». Kultur, prat og levande musikk. Anne

Anne Lindmo og Per Sundnes er flinke og hyggjelege. (Foto: NRK)Anne Lindmo og Per Sundnes er flinke og hyggjelege. (Foto: NRK)

Lindmo og Per Sundnes får det til, på NRK2 klokka 20.40.

Orkar ikkje meir


Laurdagens film finn eg på NRK2 klokka 21.20. «Mandag morgen», ein fransk-italiensk dramakomedie frå 2002. Kvar morgon legg Vincent ut på den same monotone rutina på veg til ein trøytt fabrikkjobb. Men ein måndag morgon orkar han ikkje meir. Regien er ved Otar Iosseliani.

SØNDAG
Alt om Pamela


Eg trur kanskje ikkje puppane til Pamela er ekte. (Foto: 123people.net)Eg trur kanskje ikkje puppane til Pamela er ekte. (Foto: 123people.net)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss det regnar, eller viss du er litt sliten på sundag, eller viss du vil, så kan du sjå «Pamela Anderson - den nakne sannhet» på TV3 klokka 15.40. Sexbomba Pamela er elska av menn over heile verda, og har levd eit turbulent liv i offentlegheita. Her får vi vite alt om ho, både som sexsymbol, forretningskvinne, åleinemor og festjente, lovar TV3.

Gal ku


Klokka 18 kan du sjå vår alles kjære Emil i Lønneberget på NRK2. Kveldens episode er kalla «Kua er gal».

Artikkelen fortsetter under annonsen


Studentopprør


21.10, vi held oss framleis til NRK2, kjem reprisen på fjerde episode av den danske dramaserien «Krøniken». Kjempebra! No er det studentopprør i København, akkurat når Ida endeleg har byrja å studere.

Den optimale jentefilmen


Julia Roberts og Hugh Grant i ei scene i filmen Notting Hill. (Filmen er i fargar, altså!) (Foto: movies.yahoo.com)Julia Roberts og Hugh Grant i ei scene i filmen Notting Hill. (Filmen er i fargar, altså!) (Foto: movies.yahoo.com)

Klokka 21.20 på TV3 kjem den optimale avslutninga av ei passeleg roleg helg. «Notting Hill» er jentefilmen over alle jentefilmar, og kan alltid sjåast igjen. Viss nokon enno ikkje har sett denne perla, så kan eg fortelje at Hugh Grant og Julia Roberts som vanleg er flinke og sjarmerande, og at filmen har skikkeleg sippepotensiale. Og så er han heilt fri for sport.

God, sportslaus TV-helg!





Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving