Konge og regjering i hundre for nynorsken

- Noreg er eit lite språkområde. Det fører til at norsk språk er under konstant press, sa kulturministeren til kongen, kronprinsen og mykje anna fint folk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kronpris Haakon og resten av dei to hundre gjestene fekk vite av Trond Giske at språket vårt ikkje er nokon skatt som er innkassert ein gang for alle. Derfor kan verken Noregs Mållag, eller me andre, gjera som i visa og ta det roleg dei neste hundre år. (Foto: Einar Schibevaag)Kronpris Haakon og resten av dei to hundre gjestene fekk vite av Trond Giske at språket vårt ikkje er nokon skatt som er innkassert ein gang for alle. Derfor kan verken Noregs Mållag, eller me andre, gjera som i visa og ta det roleg dei neste hundre år. (Foto: Einar Schibevaag)

- Derfor slår me i regjeringsplatforma fast at det er behov for ein offensiv språkpolitikk, sa Trond Giske under Noregs Mållag si hundreårsmarkering.

Om lag to hundre personar var inviterte til markeringa i Det Norske Teateret fredag 3. februar.

Kongen for nynorsken


Både regjering og kongehus var i hundre under tilstellinga.

Det er ikkje ofte Kong Harald og Kronpris Håkon møter saman på markeringar som denne. Monarken si glede over nynorsken kom fram ved at han ikkje var i mot om den kulørte dagspressa nytta meir nynorsk i spaltene.

Vidareføring


Regjeringa meiner på si side at skriftkulturen er ein viktig berebjelke i samfunns- og kulturlivet i Noreg, og det verdfulle mangfaldet det er å ha to norske skriftspråk må førast vidare.

- Kort sagt - nynorsken er komen for å bli! Og det er sjølvsagt ambisjonar i regjeringa om å bidra til dette arbeidet, sa Giske.

Utfordring


Nynorsken har vanskelegare vilkår enn stoda er for det andre skriftspråket. Derfor er det særleg viktig for regjeringa å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter.

Ny melding


Regjeringa har ambisjonar om å forme ein offensiv og samtidig ein grunnleggjande politisk strategi for utviklinga av norsk språk. Derfor blir det lagt fram ei eiga stortingsmelding om språk.

Målet er å drøfte den totale språksituasjonen i landet. Hovudperspektivet blir korleis ein kan sikre det norske språket sin posisjon som komplett og samfunnsberande språk i landet vårt.

- Og her inngår også nynorsken sin posisjon og situasjon, sa kulturministeren framføre målfolk og kongelege.

Det er ingen automatikk i at det norske språket vil halda på posisjonen sin som komplett og samfunnsbærande nasjonalspråk i Noreg i tida som ligg føre oss.

Les meir om Noreg Mållag sitt 100 års jubileum her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Personvernpolicy