Sigrane overdøyver sorgene

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Er hundreåringen døyande? - Slett ikkje, kjem det kontant frå dagleg leiar i jubilanten Noregs Mållag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gro Morken Endresen har sidan 2001 styrt skrivarstova i Noregs Mållag og dette året skal ho syna organisasjonen si kraft 100 år etter den blei etablert.

Det har vore ei spesiell tid for Gro ved leiarspaken, ei tid der ikkje berre det å breie nynorsken har stått øvst på arbeidssetelen til den ærgjerrige kvinna.

Det har vore ei tid for opprydding etter at fleire isfjell har kome siglande i media.

Oktober 2002


Det toppa seg då ungdomsorganisasjonen til mållaget hadde utført kreativ bokføring av medlemsregisteret sitt. Då storma det friskt rundt henne og organisasjonen.

Normalt er ikkje Gro lett å vippa av pinnen, men i oktober 2002 vakla det litt når TV2 herja og harselerte med organisasjonen, fortel jubileumsgeneralen sjølv.

Regien i denne perioden hadde ikkje dei som arbeidde i rørsla, den var det andre som styrte. Det er ikkje slik, diverre eller heldigvis, at verda er nett slik VG og andre media likar å presentera ho.

- Det blei lite mat og søvn dei første fjorten dagane etter at mediebobla sprakk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Språk og media


Sigrane overdøyver fort sorgene, trur Gro. Ho meiner at det som har vore er historie og vel å sjå framover. Det er nok andre saker som har fokus når lokallaga sine menn og kvinner møter folk hjå den lokal kjøpmannen.

Og tida viser at det har vore gode dagar for målrørsla i det siste. Mediakampanjen «Slepp nynorsken til» er ei av dei gildaste erfaringane Gro har hatt i sitt arbeid for og med nynorsken.

- Me fekk ein utruleg respons som og førte til eit ordskifte i det breie lag av det norske folk. Om ikkje rikspressa har opna opp for nynorsk i spaltene dagleg, trur Morken Endresen at debatten er i gang og at me i åra som kjem vil sjå meir og meir nynorsk i den oslodominerte rikspressa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Unødige kampar


Målrørsla har nok nytta tida på unødvendige kampar som har ført til lite. Morken Endresen føler at sporet mållaget no er inne i gir rørsla ei langt vidare tilnærming til arbeidsoppgåvene. Organisasjonen ynskjer i dag å framstå som ei kraft i arbeidet for å utvikla språket, kulturen og identiteten for dei som veks opp.

Og det er mykje å sloss for dei neste hundre åra og.

Sidemålsundervisninga i Noreg handlar om noko langt meir enn at oppveksande generasjonar skal læra seg den andre målforma. Kan faget veljast bort i skulen vil og kunnskapen om målforma falle bort.

- Og med det ein viktig del av den norske kulturen.

Gro høyrer gjerne på dei som vil ha målforma bort som obligatorisk opplæring i skulen. Men argumentet om at meir norsk i skulen gjer eleven til ein dårlegare språkbrukar - det skurrar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heimsleg engasjement


Gro Morken Endresen er ei viljesterk jente som har hatt ideelt arbeid på maten sidan ho var heilt lita. Ho vaks opp i det nynorske kjerneområdet på Vestlandet. Heimen var i Meland kommune, med ideologi og engasjement kring middagsbordet. Det smitta. I all si tid har derfor organisasjonsarbeid stått høgt på hennar dagsorden.

At det er målrørsla som fanga henne er meir tilfeldig, men ho er slett ikkje åleine i barndomsheimen med å brenna for Ivar Assen sine idear.

I dag bur ho like utanfor Oslo med to gutar på 4 og 10 år. At ho bur her var ikkje ein del av den ideologiske og politiske framtidsvisjonen. Målet var bygda og eit tungemål til borna med eit vestlandspreg. Slik blir det nok ikkje no, seier ho med eit vist sorgfullt utrykk.

- Lysta er der, for det er så mykje som bind ein til der ein har heve røtene i jorda.

Gleda er likevel at 10-åringen likar nynorsken.

- Har dei noko val då,
spør me.

- Ja, prøver ho og fortset. - Eldstemann er i alle høve heilt vill etter å få slå kloa i neste band i serien om Skammarens dotter av den danske fantasyforfattaren Lene Kaaberbøl.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Oslo si fåkunne


Men det er utan tvil mange utfordringa framfør oss, medgir Endresen.
Det er mange uløyste kampar som mållaget vil vinna. Når tilsette i Oslo ikkje får bruka nynorsk i arbeidet sitt på tross av at kommunen er språkleg nøytral, har me ei utfrodring. Og det i den kommunen som har flest nynorskbrukarar i heile verda.

Når universitetet i Oslo ynskjer å bli ein regional utdanningsinstitusjon, og ikkje nasjonal som i dag, berre for å redusera bruken av nynorsk slik lov om offentleg målbruk pålegg dei i dag, har mållaget nok av oppgåver. Og der må medisinen bli ein stad mellom pisken og gulrota.

Vann høgsterettssak


Me har tapa ein del skulerøystingar. Ei er ei for mykje, men me merkar at også her snur trenden og at fleire søkjer nynorsken. Rettssaka som mållaget vann mot Sandnes kommune i høgsterett er viktig for retten til å få læra nynorsk i skulen, meiner Morken Endresen.

Sandnes kommune ville slå saman klassar der elevar med bokmål og nynorsk fekk undervisning saman, men fekk altså ikkje høve til dette for å kutte i skulebudsjettet.

Men det gler og å sjå at det er dei som vil og ikkje har fordomar mot å bruke språket. Universitetet i Bergen er ein institusjon som tar nynorsken på alvor og viser vilje til å gjera nynorsken synleg. Fjord 1 er ein annan aktør som tek språket og kulturen sin på alvor og som viser det for brukaren sine.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kraftfullt språk


Nynorsk er kraftfullt. Det har innhald og gir bodskapen tyngd, meiner Morken Endresen. Hennar oppmoding er at språk blir ei viktig sak i kvardagen. Det vil gi språket styrkje og fleire vil velja å halda på nynorsken og koma til han.

Men arbeidssetelen er langt frå fullført. Oppgåvene er mange og viser at organisasjonen trengs i like stor grad som den gongen den blei skipa. I 2006 markerer rørsla den saka Noregs Ungdomslag i si tid fann så viktig at dei etablerte ein eigen organisasjon. Noregs Mållag skulle vere reiskapen og no har det gått 100 år sidan då.

Fakta

  • Noregs Mållag er ein demokratisk oppbygd organisasjon med 18 fylkeslag og om lag 200 lokallag i alle fylka. Samskipnaden hadde i 2004 10 141 medlemer. Ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom har 1720 medlemer.
  • Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Noregs Mållag arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving