Mi TV-helg (16): Kyss meg mykje

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV-helga inneheld kyssing i tropenetter, draumeheimar, ein sexy vokalist, ein hundepsykolog og fantastisk dansk drama. Kva meir kan ein ønskje seg?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Omara Portuondo. (Foto: postonove.com)Omara Portuondo. (Foto: postonove.com)

Fredag: Draumeheimen


Kl 20.05 på NRK2 kan vi sjå «Drømmehjemmet» på NRK2. Det er ein britisk dokumentarserie der vi får sjå eigedomsmeklarar kjøpe og selje ufattelege eigedomar for og til rikingar.

Ein ranch i Midtvesten, eit slott i Frankrike? Kven har råd til desse luksushusa, og liknar rikingane på oss i det heile?

Besa Me Mucho

Kl 21.30 sender NRK2 eit konsertopptak med den kubanske songaren Omara Portuondo. Konserten gir ifølgje NRK begrepet nostalgi eit nytt innhald.

Eg har ikkje noko i mot å drøyme meg vekk til ei tropenatt for lenge sidan saman med Omara og eit 16-manns strykeorkester. Ho syng blant anna den uimotståelege klassikaren «Besa Me Mucho» (kyss meg mykje!)

Sivert Høyem er sexy, det er ikkje til å kome vekk frå. (Foto: wikipedia)Sivert Høyem er sexy, det er ikkje til å kome vekk frå. (Foto: wikipedia)

Madrugada ved midnatt


Ein annan uimotståeleg vokalist er Sivert Høyem i Madrugada. Ved midnatt kan den som enno er vaken få oppleve eit redigert opptak på NRK1, frå festkonserten i Oslo Spektrum som avslutta fjorårets europaturne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Laurdag:

«Idiotar bak rattet»


Dette er kanskje litt som Tufte IL? Dei verste sjåførane i Storbritannia konkurrerer om å bli litt betre. Mens dei prøver på det, kan vi le av kor håplause dei er.

Den som greier å skjerpe seg mest, vinn ein flunkande

Slik skal hunden vere, grei og glad. Men det er ikkje alltid han er slik. (Foto: zentropolis.com)Slik skal hunden vere, grei og glad. Men det er ikkje alltid han er slik. (Foto: zentropolis.com)

ny bil. I kveldens episode skal dei seks sjåførane som er igjen, takle mørkekøyring og parkering i eit fullstappa parkeringshus. Kanskje fleire har noko å lære der? TV3 klokka 17.10.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hundemas


Endå ein britisk serie får vi med oss klokka 18.30 på TV Norge. «SOS Hundehjelpen» tek for seg hundar med åtferdsproblem, slik «SOS barnevakten» tok for seg umoglege ungar.

Ein hundepsykolog hjelper eigarane å forvandle familieterroristen til den søte

Penelope Cruz i Woman on top.Penelope Cruz i Woman on top.

vofsen han var meint å vere. Alltid artig med andre folk sine problem, og dessutan går det bra til slutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«

Woman on Top»


TV3 sender den amerikanske romantiske komedien «Woman on Top» klokka 21.30. Filmen handlar om mesterkokken Isabella som forlet mannen sin når han er utru.

Når ho får sitt eige matprogram på TV vil han sjølvsagt ha ho tilbake, men då er det kanskje for seint? Penélope Cruz spelar Isabella, og filmen har 7 års aldersgrense.


Søndag:

«

Skal vi danse

»


Søndag klokka 19.30 på TV2 får vi sjå kjendisar dumme seg ut. Norske proffdansarar skal lære norske kjendisar å danse selskapsdans. Kjendisane må øve mykje og konkurrere mot kvarandre i direktesendingar. Sjåarane er med på å bestemme kven som går vidare. Denne gongen skal kjendisane konkurrere i paso doble og slowfox, og eg skal sitje i sofaen og vere lykkeleg for at eg ikkje er kjendis.


Krøniken er ein utruleg medrivande dansk kvalitetsserie. (Foto: danes-abroad.com)Krøniken er ein utruleg medrivande dansk kvalitetsserie. (Foto: danes-abroad.com)

Dansk drama


«Krøniken» er tilbake! Denne danske dramaserien er eg berre nødt til å sjå. Søndag klokka 20.10 går reprisen på NRK2, måndag kan du sjå neste episode på NRK1 kl 21.30.

Serien om livet rundt radiofabrikken Bella byrja i året 1949, no har vi kome fram til 1967. Politikaren Palle har vorte bankdirektør, og dottera Margrethe er vorte stor og byrjar å lure på fortida til mora Søs.

Dette blir bra! God TV-helg!


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving