4 av 10 vil ha meir nynorsk i tabloidavisene

Om lag 40 prosent av folket vil gjerne at VG og Dagbladet brukar meir nynorsk på redaksjonell plass.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

40 prosent av folket er einige i at VG og Dagbladet burde ha meir nynorsk i spaltene. Her er Gro Morken Endresen frå Noregs Mållag (frå venstre) i møte med VG-kommentator Olav Versto og ansvarleg redaktør Bernt Olufsen då 36.000 i samband med kampanjen «Slepp Nynorsken til». Styremedlem i Noregs Mållag, Anne Marit Godal, til høgre. (Foto: Anders Malm, NPK)40 prosent av folket er einige i at VG og Dagbladet burde ha meir nynorsk i spaltene. Her er Gro Morken Endresen frå Noregs Mållag (frå venstre) i møte med VG-kommentator Olav Versto og ansvarleg redaktør Bernt Olufsen då 36.000 i samband med kampanjen «Slepp Nynorsken til». Styremedlem i Noregs Mållag, Anne Marit Godal, til høgre. (Foto: Anders Malm, NPK)

Av Arne S. Hauge, Nynorsk Pressekontor

Om lag 40 prosent av folket vil gjerne at VG og Dagbladet brukar meir nynorsk på redaksjonell plass. Dette går fram av ei fersk meiningsmåling som Sentio har laga for Nynorsk Pressekontor.

Det var Noregs Mållag som i fjor sette søkjelyset på den manglande bruken av nynorsk i dei store tabloidavisene. Aksjonen «Slepp Nynorsken til» samla 36.000 underskrifter. Meiningsmålinga til NPK tyder på at oppslutninga om underskriftskampanjen slett ikkje var tilfeldig.

Spørsmålet vi stilte var slik: Noregs Mållag ønskjer å få VG og Dagbladet til å bruke meir nynorsk på redaksjonell plass i avisene. Er du einig eller ueinig i at VG og Dagbladet burde bruke meir nynorsk på redaksjonell plass?

29,1 prosent er einige i dette, medan 60 prosent er ueinige. «Veit ikkje»-prosenten er 10,9. Har ein ikkje nokon oppfatning om dette spørsmålet eller ikkje har teke stilling til det, er det grunn til å tru at skriftspråket ikkje har noko å seie for det ein les i avisa.

Konklusjonen er difor at om lag 40 prosent av folket enten vil ha, eller ikkje har noko imot at VG og Dagbladet slepper nynorsken til i spaltene sine.

Ungdom og velutdanna

Blant dei som gjerne vil ha meir nynorsk i VG og Dagbladet er aldersgruppa under 30 år blant dei ivrigaste, saman med folk som har høgare utdanning.

Lysta til å lesa meir i nynorsk språkdrakt stig med utdanninga, og av dei med 3 år eller meir på universitetet er det 38,6 prosent som er einige med Mållaget, og berre 47,7 prosent imot. Blant dei med berre 9 årig grunnskole er det 25,7 prosent som er einige, og 61 prosent imot. Veit ikkje-prosenten er om lag like stor i desse to gruppene; i overkant av 13 prosent.

I aldersgruppene mellom 30 og 50 år er det minst oppslutning om Mållagets standpunkt, 20 prosent (30-39) og 23,9 prosent (40-49). Prosentdelen som seier nei til nynorsk er høvesvis 67,4 og 63,8. Veit ikkje-prosenten for heile gruppa mellom 30 og 49 år er i overkant av 12.

Det er ingen stor skilnad mellom kvinner og menn i denne saka, men for heile landet under eitt er det 30 prosent kvinner som er einige med Mållaget og 59,1 prosent er ueinige. Tilsvarande tal for menn er 28,2 og 61,1.

- Strålande

- Dette er strålande, seier ei svært nøgd Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

- Særleg positivt synest eg det er at ungdommen og dei med høgare utdanning er så positive til nynorsk. Ei viss overvekt er det også blant kvinner. Vi visste frå før at nynorsk står sterkt blant dei over 50, og vi veit også at denne gruppa kjøper mykje aviser.

Morken Endresen meiner denne undersøkinga viser at Mållaget har hatt heilt rett i påstanden. Nordmenn flest er modne for meir nynorsk i riksavisene.

By og land - hand i hand

Det er ingen stor skilnad på by og land i denne saka. Hovudstaden ligg nøyaktig på landsgjennomsnittet, medan litt mindre byar ligg litt lågare og landsbygda 5-6 prosentpoeng høgare.

Ser ein på regionane er det litt annleis. I Akershus er det berre 18,1 prosent som er einige med Mållaget og 68,5 prosent imot. Veit ikkje-gruppa er likevel på heile 13,4 prosent. Finnmark, Troms og Nordland er dei svakaste for nynorsken med berre 14 (Troms) og 16,8 prosent (Nordland) for nynorsk. I Finnmark er heile 91,5 prosent imot nynorsk i spaltene.

Midt-Noreg (Nord- og Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal) har 34,1 prosent for nynorsk og 52,4 imot, Vestlandet (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland) har høvesvis 43,9 og 45,6. Sørlandet (Agder-fylka og Telemark) har 31,8 og 55,3 prosent, medan Austlandet (utanom Akershus og Oslo) har 24 og 67,3 prosent.

Gammal kjærleik rustar ikkje

Mållagets gamle våpendragar, partiet Venstre, sviktar ikkje denne gongen heller. 47,2 er samde i at nynorsken må få sleppe til i Dagbladet og VG. 52,8 prosent er imot.

Men nynorskvener er det også i SV (44,2 for og 37,8 imot) og SP (51,6 for og 25,2 imot med ei veit ikkje-gruppe på heile 23,2 prosent). I RV er det 84,1 prosent som vil ha nynorsk og i KrF er det 44,8 for nynorsk, medan 43,2 prosent er ueinige i det. I Ap, Frp og H er trongen til å lesa nynorsk nede på høvesvis 24,6, 22,2 og 20,5 prosent, såleis ein god del under landsgjennomsnittet totalt.

Blant dei fylka som gir sterkast signal om at dei gjerne vil lesa meir nynorsk i dei store tabloidavisene, er Møre og Romsdal (55 prosent), Sogn og Fjordane (72,6 for og berre 3,5 prosent som meiner det motsette), Hordaland med 51 prosent og Telemark, med 42,4 for og 47 prosent imot.

Dei andre fylka som ikkje er nemnde spesielt ligg rundt landsgjennomsnittet eller kjem litt dårlegare ut for nynorsken.

Meir enn eg trudde

- 30 prosent er nok meir enn eg hadde trudd, seier sjefredaktør Thor Gjermund Eriksen i Dagbladet. Han understrekar at han personleg meiner det er viktig å ha både nynorsk og sidemål.

- Men vi har ein avklart redaksjonell språkprofil i Dagbladet. Den er under stadig endring og utvikling. Men eg kan nok ikkje love å kome verken Mållaget eller andre i møte med det fyrste. Dessutan har vi nynorsk i meiningsartiklane våre kvar einaste veke, seier han.

Kollega Bernt Olufsen i VG har ingen kommentar til prosenttalet, og seier han ikkje kan uttale seg om det er stort eller lite. Men han understrekar at VG på ingen måte har antipati mot nynorsk.

- Vi har valt einsarta språk, stil og presentasjonsform for vår måte å lage VG på. Dette har vi gjort for å nå fram til flest mogleg. Og eg trur vi lykkast bra med det, seier Olufsen (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy