- Nynorsk er meir enn språk

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er altfor stor avstand mellom nynorskbrukarane og det organiserte målfolket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er Ivar Aasens eigen plakat frå urframføringa av syngjespelet Ervingen i 1855. Plakaten har aldri vore vist før, men har lege i samlinga hans frå 1896. (Foto: Foto frå boka, Det Norske Samaget)Her er Ivar Aasens eigen plakat frå urframføringa av syngjespelet Ervingen i 1855. Plakaten har aldri vore vist før, men har lege i samlinga hans frå 1896. (Foto: Foto frå boka, Det Norske Samaget)

Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor

Mange nynorskbrukarar vil ikkje vedkjenne seg mållaget, og dette må vere eit tankekors for Noregs Mållag i jubileumsåret, seier Ottar Grepstad, som no gjev ut boka «Viljen til språk», ei nynorsk kulturhistorie.

Sjølv om denne boka kjem ut til 100-årsjubileet i Noregs Mållag, er det slett ikkje ei bok berre om mållaget.

- Dette er ei bok om språket og om dei nynorske språkbrukarane. Eg ville få fram kva for vilkår språkbrukarane har hatt, og kva som gjorde at nynorsken vart teken i bruk. Nynorsk er meir enn eit språk, det handlar også om korleis ein forstår verda, seier Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit fleirspråkleg samfunn


I den omfattande boka trekkjer Grepstad opp dei språkhistoriske linene gjennom 1500 år og heilt fram til i dag. Dei norske dialektane har hatt ei uvanleg sterk rolle også i dei tidlegare hundreåra.

- Noreg har vore eit fleirspråkleg samfunn heilt sidan vikingtida, og det er snakk om svært ulike språk: latin, norrønt og etter kvart dansk, seier han.
Grepstad legg vekt på nordmenns lese- og skrivekunne som grunnlag for den språklege demokratiseringa.

- Nyare forsking har avkrefta den gamle myten om at nordmenn lærte å lese først på 1800-talet, og at Ivar Aasen var eit geni fordi han kunne lese. Tvert imot var det allment vanleg å kunne lese på 1700-talet, og på Aasens tid kunne mange også skrive. Om Ivar Aasen skulle ha verka i eit samfunn av analfabetar, korleis kunne då nynorsken blitt eit språk for fleire enn lærarane og prestane?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det norske mysteriet


- Kva gjer Noregs språkhistorie så spesiell?

- Det norske mysteriet er at allmugen kunne lese dansk på 1700-talet, men likevel bevarte allmugen talemålet. Det skjer nesten ikkje endringar i

- Ivar Aasen var ein lur strateg. Han hadde klare meiningar om korleis ein burde gå fram for at det nye språket skulle få fotfeste i samfunnet, seier Ottar Grepstad, forfattaren av ”Viljen til språk”. (Foto: Foto frå boka, Det Norske Samlaget)- Ivar Aasen var ein lur strateg. Han hadde klare meiningar om korleis ein burde gå fram for at det nye språket skulle få fotfeste i samfunnet, seier Ottar Grepstad, forfattaren av ”Viljen til språk”. (Foto: Foto frå boka, Det Norske Samlaget)

talemålet på fleire hundre år, trass i at dansk er det dominerande språket. At allmugen var tospråkleg, var ein føresetnad for Ivar Aasens arbeid. Det spesielle for Noreg er at han ville lage eit språk som ligg så nær opp til talemålet. Ingen andre land har greidd dette, seier Grepstad.

Om Ivar Aasens liv og verk


I denne boka har livet og verket til Ivar Aasen fått brei plass.

- Eg trur målrørsla og mange andre har forsømt seg når det gjeld å bruke Aasens fascinerande liv til å vekkje interesse for språket. Han er blitt vist til i språkpolitiske debattar, men eg ville ha fram mennesket Ivar Aasen. Han var ein spennande mann.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Aasen var ein stor språkforskar, men også ein lur strateg. Han hadde klare meiningar om korleis ein burde gå fram for at det nye språket skulle få fotfeste i samfunnet.

Den politiske nynorsken


Ivar Aasen visste kven han skulle omgje seg med for å oppnå det han ville. Nynorskens historie handlar mykje om politikk og om å påverke dei som sat med makta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Venstre hadde til dømes bruk for mållaget, og mållaget hadde bruk for Venstre.

I boka fortel Grepstad om den såkalla Vakaringen eller Rødelaget, som var skipa i 1916. Det var ein hemmeleg indre krins av sentrale målfolk frå Noregs Mållag, Venstre, Arbeidarpartiet og Østlandsk reisning, som jobba politisk bak stengde dører.

- Leiinga i Noregs Mållag skal ikkje ha kjent til dette arbeidet. Då kan ein lure på kva for demokratisk tradisjon denne organisasjonen har utvikla, seier Grepstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er i dag 600.000 nynorskbrukarar i landet, men berre 10.000 er medlemmer i mållaget. Mange nynorskbrukarar vil ikkje vedkjenne seg mållaget, og dette er eit tankekors for Noregs Mållag. Men den plassen nynorsken har fått i dag, skal Noregs Mållag først og fremst ha æra for, seier han.

Nynorsk kulturhistorie


I boka vert språkpolitiske stortingsvedtak frå 1851 til 2005 dokumenterte, og her er eit komplett oversyn over styreleiarar og daglege leiarar i sentrale organisasjonar. Men «Viljen til språk» er også ei praktbok med over 400 illustrasjonar frå den nynorske historia. I margane blir det presentert 150 profilerte nynorskfolk frå heile landet.

Kvinnene har fått stor plass i boka. Dei hadde ansvar for kaffistover og bondeheimar. (Foto: Foto frå boka, Det Norske Samlaget)Kvinnene har fått stor plass i boka. Dei hadde ansvar for kaffistover og bondeheimar. (Foto: Foto frå boka, Det Norske Samlaget)


- Den nynorske kulturhistoria er ein viktig del av ei samla norsk kulturhistorie, meiner Grepstad, og han har henta fram mange personar frå historia som i dag er ukjende for dei fleste.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Du har også spadd fram mange ukjende kvinner i boka?

- Ja, og dei finn ein på andre arenaer, for den tradisjonelle målpolitiske debatten var prega av menn. Men kvinnene gjorde jobben på kaffistover og bondeheimar, og organiserte mykje av det sosiale livet. Ein kan seie at mennene diskuterte korleis nynorsken skulle sjå ut, medan kvinnene tok seg av livet rundt språket, seier han. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving