Klart for 100-årsfest i Noregs Mållag

Noregs Mållag feirar 100-årsdagen med sentrale markeringar i hovudstaden 3.-5. februar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor

- Vi går inn i jubileumsåret som ein samla organisasjon, seier konstituert leiar i Noregs Mållag, Nils Ulvund. Saman med dagleg leiar Gro Morken Endresen (t.v.) og nestleiar Eli Bjørhusdal inviterer han til 100-årsfeiring i Noregs Mållag. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)- Vi går inn i jubileumsåret som ein samla organisasjon, seier konstituert leiar i Noregs Mållag, Nils Ulvund. Saman med dagleg leiar Gro Morken Endresen (t.v.) og nestleiar Eli Bjørhusdal inviterer han til 100-årsfeiring i Noregs Mållag. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

Kongen og kulturministeren kjem, og laurdagen skal Mållaget feire med seminar og fest til langt på natt.

Fredag 3. februar møtest inviterte gjester til offisiell mottaking på Det Norske Teatret. Dit kjem Kongen, Kronprinsen, kulturminister Trond Giske og ei rekkje andre kulturfolk. Forfattaren Olaug Nilssen skal halde festtalen.

Mange røyster - felles mål

Jubileumsseminaret laurdag 4. februar er ope for alle. Mottoet for både 100-årsjubileet og seminaret er «Mange røyster - felles mål». Under seminaret vil ein drøfte 100 år med Noregs Mållag sett frå ulike synsvinklar og med nye augo. Ein av innleiarane er Valgerd Svarstad Haugland, som har kalla foredraget «Dei motkulturelle kvinnene møter det maskuline bydyret.»

Laurdagskvelden 4. februar blir det uformell feiring på restauranten Justisen, og der vil målfolket feste til klokka to om natta, som er det offisielle tidspunktet for skipinga av Noregs Mållag.

I jubileumsåret skal Noregs Mållag også feirast med mange lokale markeringar rundt i kring i landet, og i samband med landsmøtet 28.-30. april blir det stor 100-årsfest og festframsyning på Det Norske Teatret.

Stabilt medlemstal

Konstituert leiar i Noregs Mållag, Nils Ulvund, kan fortelje at medlemstalet i Noregs Mållag har halde seg stabilt på rundt 10-11.000 siste 6-7 åra, og mållaget fekk ein del nye medlemmer i samband med aksjonen «Slepp nynorsken til».

- Den aksjonen vart godt synleg, og vi samla inn over 36.000 underskrifter. Det var mange som sperra opp augo då det kom fram at journalistane ikkje får lov til å skrive nynorsk i VG og Dagbladet, seier Ulvund, som er bonde og lærar, og fungerer som leiar fram til landsmøtet i april 2006.

Jubileumsår utan strid

- I Noregs Mållag har det opp igjennom åra vore mykje indre strid. Kva står striden om i dag?

- Akkurat i dag er det vanskeleg å sjå nokon strid. Vi går inn i jubileumsåret som ein samla organisasjon, og eg er svært oppteken av at Noregs Mållag skal vere inkluderande. Det er plass til endå fleire nynorskbrukarar og andre i målrørsla. Særleg ønskjer vi oss fleire nynorskingar under 40.

Nynorsken må bli synleg

Han fortel at Noregs Mållag framleis vil setje søkjelys på meir nynorsk i media, næringsliv og skule.

- Dette er sentrale område i arbeidet for aksept av at Noreg er eit fleirspråkleg land. Skal ein greie å utvikle positive haldningar, må nynorsken bli synleg også utanfor skulen. Di oftare folk møter nynorsken di større toleranse, meiner Ulvund.

Søkjelys på næringslivet

Han er oppteken av å trekkje næringslivet med i målarbeidet, og i år skal Noregs Mållag dele ut ein næringslivspris for første gong.

- Kunne nynorsken ha overlevd utan Noregs Mållag?

- Det tviler eg på. Det finst få døme på målreising i verda utan at ei mål- og kulturrørsle står bak. Men vi må kunne håpe på at Noregs Mållag ein dag blir overflødig, så vi ikkje treng å feire 200-årsjubileum, seier Ulvund. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy