Ingmar Bergmans kinematograf forsvunne

Filmregissøren Ingmar Bergmans verdskjende kinematograf er som søkke i jorda etter å ha vore på internasjonal turné i svensk UD-regi.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: movies.yahoo.com)(Foto: movies.yahoo.com)

(NPK): Den enkle filmframvisaren skal ha inspirert Bergman til å lage film allereie i åtteårsalderen då han byte maskina til seg frå storebroren for 120 tinnsoldatar.

Kinematografen skal ha forsvunne under oppbevaring i kurerpostavdelinga i utanriksdepartementet i Stockholm og kan vere stolen, skriv Dagens Nyheter (DN).

- Eg kan ikkje setje nokon pris på han. Men kinematografen har ein enorm samlarverdi for alle Bergman-fans verda over ettersom han var avgjerande for at Ingmar Bergman byrja å lage film, seier leiaren for Svenska Filminstitutet, Åse Kleveland, til DN. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Personvernpolicy