Musikknostalgi og ein dritings nisse

Artikkelen fortsetter under annonsen

B'ane pregar denne tv-helga: Billy Bob, Beatles og Bowie.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Slik såg Depeche Mode ut på åttitalet. (Foto: musicolympus.com)Slik såg Depeche Mode ut på åttitalet. (Foto: musicolympus.com)

Heim frå jobb eller skule, ned på sofaen og på med musikken. Klokka 17.00 på fredag kan du slå på VH1 og få med deg ein times slagerparade frå det glade åttitalet i programmet «So 80's».

Viss du ikkje sovnar undervegs, er sjansen rimeleg stor for at du får høyre både Depeche Mode, Madonna og U2. Eller Frankie Goes to Hollywood og Pet Shop Boys.

Bad, bad santa


Viss du er snill heile året, kjem Billy Bob heim til deg med pakkar neste jul! (Foto: trashcity.org)Viss du er snill heile året, kjem Billy Bob heim til deg med pakkar neste jul! (Foto: trashcity.org)

Viss du ikkje allereie har av-pynta huset etter jul, så er i fredag 6. januar dagen. For å komme i den rette bli-ferdig-med-jula-stemninga kan det vere ein ide å sjå filmen «Bad Santa».

Billy Bob Thornton i rolla som ein forfylla og forbanna julenisse er noko eg har hatt lyst til å sjå lenge.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Med alven Marcus på slep tek Billy Bob, eller Willie som han heiter i filmen, jobb som julenisse på eit kjøpesenter.

Føremålet er å rane til seg senteret sin safe etter stengetid. Men i opningstida er han sterkt til stades som ein pervers julenisse som drikk, bannar, røykar og hatar ungar. Ei riktig kolsvart komedie, med andre ord.

Denne filmen skal visstnok vere ei slags slakting av den heilage, amerikanske, overkommerse julekua. «Bad Santa» kan truleg vere ein god film å sjå medan du sorterer ut kva julepynt som skal få vere med vidare til neste jul.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Laurdag: Beatles for alle penga


Yeah, yeah, yeah, ein heil kveld med John, Paul, George og Ringo. (Foto: greencine.com)Yeah, yeah, yeah, ein heil kveld med John, Paul, George og Ringo. (Foto: greencine.com)

Laurdag har svensk TV2 laga til ein Beatles-kveld for ihuga fans. Det heile startar klokka 21.15 med ein dokumentar om Pete Best, trommisen som vart vraka i 1962 til fordel for Ringo Starr.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein time seinare visast filmen «A Hard Day's Night». Filmen følgjer Beatles i 36 timar, både på arbeid og i fritida. Sidan dette er frå 1964, er det unge bandet me får sjå på høgda av si karriere og i forkant av narkotikabruk, lefling med spiritisme og heftige konfliktar. Og sjølvsagt blir det mykje 40 år gamal rockemusikk av typen «Can't By Me Love» og «She Loves You».

Overjordisk avslutning på helga: To timar med Bowies beste. (Foto: mymusic.co.kr)Overjordisk avslutning på helga: To timar med Bowies beste. (Foto: mymusic.co.kr)


Utover kvelden følgjer kanalen opp med to dokumentarar om og med John Lennon: Me får eit innblikk i livet og skaparkrafta til Lennon, og dessutan ein kikk i jukeboksen som han åtte og som var ei slags innhaldsforteikning over den musikken som inspirerte han.

Musikalsk outro


Frå det eine musikkikonet til det andre. Søndag ettermiddag viser VH1 to timar med David Bowie-klassikarar. Så mykje betre enn dette kan det neppe bli, tenkjer eg, og ser fram til «Heroes», «Ashes to Ashes» og «Ground Control to Major Tom». Mellom 16 og 18 går dette musikalske høgdepunktet.

Take your protein pills and put your helmet on!

Les meir nynorsk i Neste Klikk: Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving