Meny

Bygdisar og byfolk: Olaug Nilssen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Sauar eller duer? Eit overveldande kulturtilbod eller god plass, billeg husleige og frisk luft? I dag spør vi forfattaren Olaug Nilssen om hennar forhold til bygd og by, kor ho bur og kvifor.

Olaug Nilssen likar både bygda og byen. (Foto: Samlaget)Olaug Nilssen likar både bygda og byen. (Foto: Samlaget)

Namn:

Olaug Nilssen

Alder:

27

Yrkje:

Forfattar/ skribent

Utdanning:

Cand. mag. frå Universitetet i Bergen med mellomfag litteraturvitskap og grunnfag i nordisk og sosiologi. Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Bur no:

I Bergen

Har budd:

I Solheimsdalen i Førde frå eg var eit halvt år til eg var atten og eit halvt.

- Korleis var det i Solheimsdalen?


- Akkurat no er eg i Solheimsdalen, og akkurat i dag er det ein kald og klår dag. På kalde og klåre dagar er Bergen Nord-Europas mest forureina by, medan Solheimsdalen truleg er Nord-Europas reinaste vesle plett. Eg har hatt meg ein kjempefin tur i skogen, og kjenner heilt tydeleg skilnad på lufta her og i Bergen.

- Dette er ein av grunnane til at eg elskar å reise heim. Og eg elskar denne bygda, det gjorde eg stort sett også då eg vaks opp, men som tenåring lengta eg ut og syntes her var lite å finne på og få menneske å møte.

- Korleis er det i Bergen?


- Bergen har eit godt kulturtilbod, og er ein akkurat passeleg stor by. Her kan ein kjenne seg avslappa og heime, samstundes som byen er stor nok til at ein kan gøyme seg i mengda. Det er også fint at det ikkje er lang veg til naturen.

- Det eg mislikar, er forureininga i byen. Det hender også at eg synest husa står for tett, særleg når naboar har fest når eg helst vil sove.

- Korleis synest du folk forheld seg til kvarandre i byen i forhold til på bygda?



- Eg har ikkje noko eintydig svar på dette. Før trudde eg at bygdefolk (særleg inkludert meg sjølv) var klumpete og klønete og forsagte, og at dei ikkje torde å snakke med kvarandre. At dette gjeld nokre, er det ingen tvil om, men det er heller ikkje tvil om at det finst slike folk i byen også.

- Når alt kjem til alt, synest eg ikkje skilnaden er så stor, men i nabolaget mitt i byen helser eg berre på nokre få, medan eg kjenner alle som bur i Solheimsdalen. Det er lengre mellom husa i Solheimsdalen, men kortare veg mellom menneska. Men i nabolaget mitt er jo eg ein innflyttar, og ikkje har eg ungar på skulen heller, så det er kanskje ikkje så rart at eg ikkje kjenner nokon.

- Er det noko du saknar i byen, som du fekk på landet?


- Naturen og stilla.

I forrige episode av Bygdisar og byfolk møtte vi Måns Johnsson frå Stockholm.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving




Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus