Mi TV-helg (11): Same procedure as last year

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV-jula i år blir som den plar vere, mykje god underhalding, og litt alvor for den som orkar. Også litt sau, sjølvsagt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

LITLE JULAFTAN

Radiofinale på TV


Are og Odin går ut av radiohistoria med flagget til topps. (Foto: Changemaker)Are og Odin går ut av radiohistoria med flagget til topps. (Foto: Changemaker)

Viss du har teke fri litt tidleg i anledning jula, kan du sjå radio-radarparet Are og Odin på NRK2 klokka 13.05. Det er direktesending på TV frå den siste radiosendinga deira på NRK P3.

Nasjonalfilmen

Klokka 19.25 på TV2 kan du sjå det som vel nesten er den norske nasjonalfilmen, Ivo Caprino sin udødelege «Flåklypa Grand Prix» frå 1975. Dette var den første filmen eg såg på kino, og eg blir aldri lei av Reodor Felgen, Solan og Ludvig.

Ivo Caprino-boksen med alle filmane hans på DVD ligg nok under mange juletre i år, men pakkane får du ikkje opne før på laurdag.

Grevinnen og hovmesteren

Cheeeeerio, miss Sophie! (Foto: nrk.no)Cheeeeerio, miss Sophie! (Foto: nrk.no)

Klokka 19.55 byrjar NRK1 sitt tradisjonelle juleinnspurtprogram «Kvelden før kvelden», med Hilde Hummelvold og dei årlege pynte- og svortipsa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då er eg altså opptatt med å sjå på Flåklypa, men heldigvis rekk eg rosina i pølsa: «Grevinnen og hovmesteren» kjem ca klokka 21.

Frekke julenøtter

«TV2-nøttene» byrjar allereie på litle julaftan. Klokka 21.40 er Kristian Ødegård er tilbake, hjulpen av Espen Eckbo, Robert Gustavsson og Zahid Ali.

I fjor var dette ein slags parodi på julenøttene til Roald Øyen på NRK, og eg må innrømme at eg av og til måtte løfte litt på augnebryna, til dømes den dagen løysingsordet var «neger».

Sau igjen


Så er det Are og Odin igjen på NRK2 klokka 22.45. «Da by og sau knytta tau» heiter programmet, som er ein dokumentar om dei to karane sin veg frå programleiarar til popstjerner.

I fem år har dei to trønderane servert oss bygdeironi på P3 kvar dag, no skal dei gå videre med kvar sine program.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


JULAFTAN

Prinsesse og astronom

Knut Jørgen Røed Ødegaard, Noregs mest begeistra astronom. (Foto: uio.no)Knut Jørgen Røed Ødegaard, Noregs mest begeistra astronom. (Foto: uio.no)

Artikkelen fortsetter under annonsen

På julaftan kan du stå opp og finne julestrømpa som julenissen (eller du sjølv) har gjort klar, og zappe mellom «God morgen Norge», som byrjar 07.55 på TV2 og «Julemorgen» klokka 08.00 på NRK1.

Til God morgen, Norge kjem både den entusiastiske astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard og prinsesse Märtha Louise på besøk.

Askepott

Klokka 11 på NRK1 kjem filmen alle jenter og kanskje nokon gutar berre MÅ sjå på julaftan, nemleg den udødelege tsjekkiske «Tre nøtter til Askepott».

Humphrey og Ingrid


Ingen julaftan utan Tre nøtter til Askepott. (Foto: moviesection.de)Ingen julaftan utan Tre nøtter til Askepott. (Foto: moviesection.de)

Viss du har fått nok jul klokka 21.10, så sender NRK1 nok ein klassikar, «Casablanca» frå 1942.

Det skader ikkje å sjå Humphrey Bogart og Ingrid Bergman ein gong til i dette romantiske dramaet.

FØRSTE JULEDAG


Dette er den optimale dagen for å vere nokså sløv og glo mykje på boksen. No er det jul og avslapping og hyggje og ferdig med det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Reinjentas dilemma


Klokka 13.10 på TV2 kan du sjå «Reinjentas dilemma». Ann Helen Guttorm Johansen frå Lakselv er 14 år og lurer på om ho skal drive med rein eller bli journalist. Kan du ikkje gjere begge delar då, lurer eg, og vil gjerne sjå kva Ann Helen tenkjer om dette.

Baklengspratarar


Litt hjernetrim får vi klokka 13.40, i «Klisterhjerne» med Arne Hjeltnes. Språkdillettanten Petter Schjerven og snøholemannen Lars Monsen er med, i tillegg til to baklengspratarar!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Charlie og sjokoladefabrikken


Roald Dahl si historie om «Charlie og sjokoladefabrikken» har fascinert mange. I år kom det ein ny film om Willy Wonka sin fantastiske fabrikk, med sjølvaste Johnny Depp i rolla som Wonka. Her får du sjå versjonen frå 1971, på TVNorge klokka 14.20.

To populære på kvar sin kanal


Ronja Røverdotter held seg godt. Her saman med venen Birk Borkason. (Foto: nfi.no)Ronja Røverdotter held seg godt. Her saman med venen Birk Borkason. (Foto: nfi.no)

To populære figurar kan du velje mellom i halv sju- tida. Astrid Lindgren si «Ronja Røverdotter» er ein fin, artig, spennande og trist serie, første delen kan du sjå på NRK1 klokka 18.30.

Viss du altså ikkje heller vel «Harry Potter og mysteriekammeret» frå 2002, som vert sendt på TV3 klokka 18.35. Her ligg det kanskje an til ein aldri så liten familiekrig om fjernkontrollen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Afrika


Ikkje for å øydeleggje julestemninga, men det er ikkje alle som sym i julegåver og ribbefett. Klokka 22.40 sender NRK2 programmet «Utsyn: Afrika - hvem har skylda?», ein britisk dokumentar produsert av BBC. Ekspresidenten i Ghana, J.J. Rawlings og ein mogleg framtidig leiar i Kenya, June Arunga, dreg ut for å undersøkje årsakane til elendigheita i Afrika.

God julehelg!



Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving