Byfjell-baluba i Bergen
Bergensarane er ikkje heilt upåverka av Ryggs forsøk på å diskutere fjell og nasjonalkjensle. (Foto: Arne Magnar Rygg)
Kunstverket er ein del av prosjektet Luftslott, som går føre seg i Bergens Byrom i vekene før jul.
Marokko og USA
Arne Magnar Rygg kjem ikkje frå Bergen, men har budd i byen i 14 år.
Ideen til verket «By-fjell» fekk han då han var i Marokko, og fann orda «God», «King Hassan» og «Agadir», på eit fjell over turistbyen Agadir.
Verket minner sjølvsagt også om dei berømte hollywoodbokstavane i Los Angeles, som er med på å selje USA sin viktigaste eksportartikkel, den amerikanske filmindustrien.
Stolte
Kva er det Rygg ønskjer å selje? Eller kva vil han seie med å plassere desse orda på Sandviksfjellet, eit av dei sju fjella i ein by der 16 prosent av folket, i følgje ei meiningsmåling, ser desse fjella som det dei er mest stolte av?
Bystyret i Bergen vedtok nettopp å ikkje gå inn på ei avtale om reklamefinansierte bymøbel. Byrommet skal vere ope for innbyggjarane, meinte politikarane. Kva rolle har kunstnarane i denne samanhengen?
Arne Magnar Rygg seier i ei pressemelding at prosjektet ikkje er meint som ein provokasjon. Hensikta er heller å skape ein debatt rundt kva byfjella betyr for Bergen.
Kva tenkjer vi om oss sjølv?
Ved å løfte Gud, kongen og fedrelandet opp på fjellet, spør han om desse framleis er samanbundne og viktige for måten både bergensarar og andre tenkjer om oss sjølv i Noreg.
Debatt
Sikkert er det at bergensarane ikkje lar det gå upåakta hen at nokon herjar med fjella deira. Sjølv om bokstavane er langt mindre enn dei i Hollywood, og berre skal stå fram til julaftan, er debatten på Bergensavisen sine nettsider i skrivande stund på 12 sider.
Nokre av debattantane støttar prosjektet, og synest det er flott, men mange er verkeleg provoserte, og nokre trugar til og med med å brenne eller øydeleggje heile kunstverket.
Les meir på nettet:
Følg (og ta del i) debatten om byfjellprosjektet her
Arne Rygg sin nettstad finn du her
Meir om kunstprosjektet Luftslott her
Meir om byfjella i Bergen her