Mi TV-helg (10): Å vera klar med kosten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er berre på eit tidspunkt færre ser på fjernsyn enn den siste helga før jul. Det er når energiforsyninga går i stå.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Curling - førsteklasses inspirasjon for julevasken! (Foto: Norges Curlingforbund)Curling - førsteklasses inspirasjon for julevasken! (Foto: Norges Curlingforbund)

Denne helga skal alt som ikkje er gjort - gjerast. Taket skal vaskast, tepper luftast og julekaker bakast.

Koss i allverda skal det norske folket få tid til å sjå noko som helst på den glasruta som er så sentralt plassert i heimen?

Curling- nyttig for julevasken


Eg vel meg curling denne helga. Både på NRK 1 og 2 kan me følgja EM i curling for kvinner og menn fredag og laurdag.

Eit nyttig program i denne førjulstida. Fredag klokka 16.10 og 18.10 på NRK 2, og laurdag klokka 10.30 på NRK 1.

Her kan me verkeleg få ei oppmuntring på vegen vår for alt det som må gjerast før svigermor entrar dørstokken til jul. Det å late seg inspirera og dra nytte av det handlaget desse kvinnene og mennene har med kosten er ei fryd.

Du verda som dei meistrar underlaget. Ingen leikebilar, halvetne skiver og dungar med aviser frå fjern og nær som skal forserast. Berre ein slett og trygg is.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Svigermor


Me veit alle korleis det faste regimet er når svigermor er i eiminga. På ein lite tilslørt måte stryk ho fingeren bortetter glaskarmen, langs bokhylla og langsetter ramma på biletet som sjølvsagt er portrettet av gjerningskvinna sjølv. Teke fram i samband med vitjinga sjølvsagt, og sett på den naturlege heidersplassen i julehøgtida.

Iskostarane held altså fram på laurdag, så tykkjer ein at ein framleis slit kan det vera nyttig å repetera teknikken med sopelimen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Radio


Utover dette vil og satsa på radiokanalen «Alltid klassisk» denne helga. Der gjer andre val for ein, og tida blir konsentrert til sylvpuss, vask, jultrehogst, julekortskriving, innpakking, levering av pakkar og sjølvsagt mykje mykje anna.

Unnataket


Linda Eide er programleiar for «Århundrets nordmann» på NRK1. (Foto: Norsk Plan)Linda Eide er programleiar for «Århundrets nordmann» på NRK1. (Foto: Norsk Plan)

På NRK1 klokka 21.25 på laurdagskvelden skal programmet med kåringa av «Århundrets nordmann» halda fram. Ein komedie av eit program, og til alt hell er berre ein nynorskbrukar trekt fram mellom dei 50 som er nominerte.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Haldis Moren Vesaas skal vera glad for at ho fall ut alt i dei innleiande rundane. Derfor er det flott at kåsøren og komiukaren Linda Eide får setja sitt preg på det noko komiske opplegget til NRK.

Eit teppe av snø


Det blir ikkje tid til å sitje ned. Me må bli ferdige. For eigen del vonar eg det kjem eit teppe med snø oppunder jul.

Det vil fjerne ei rekke skandalar som ligg strøydd kring huset. Faren er at det blir eit sørgjeleg skue slår vår herre til med vårver 1. juledag slik han plar gjera her vest.

Derfor vil no kravet om rydding også her ikkje bli til å koma forbi.

Kameliadamen


Skulle ein bli ferdig sundagkvelden er Verdis opera etter romanen «Kameliadamen» av Alexandre Dumas sundag kveld på NRK 2 klokka 21.20 å føretrekkja.

Faren er at dette er så flott at ein sloknar. Kanskje like godt, for det dukkar nok opp nye utfordringar som skal sikra at julehøgtida blir slik svigermor ventar at me skal gjenomføre ho.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving