Skål, gamle viking

Nokon meiner julehefte er det einaste som gjer jula til å halde ut, medan andre tykkjer heftene øydelegg den kunstnariske kvaliteten til teikneseriane. Me ser på julehefte generelt og ein viking spesi

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dagobert Sørensen og kona Blondie har haldt det gåande sidan krigens dagar. (Ill: acupofideas.com)Dagobert Sørensen og kona Blondie har haldt det gåande sidan krigens dagar. (Ill: acupofideas.com)

For omtrent 200 år sidan kom det første juleheftet til Noreg. Det hadde den nette tittelen «Julegave eller en liden samling af udvalgte Selskabs- og Drikkeviser, ved Norske Forfattere».

Ikkje moro i starten


Barna fekk sine eigne hefte omtrent på midten av 1800-talet, men dei var ikkje meint å underhalde på same måte som dagens julehefte. Snarare var dei av heller religiøs karakter med det føremål å verka oppbyggjande.

Først på byrjinga av førre århundre kom julhefta me kjenner i dag, slik som Nr. 91 Stomperud, Vangsgutane, Blondie og Smørbukk, for å nemne nokre.

Dei seinare åra har talet på julehefte auka kraftig, nesten etter prinsippet «kvar teikneserie sitt julehefte», og per i dag kan ein få kjøpt ein stad mellom 25 og 35 ulike julehefte. Men dei gamle klassikarane som t.d. Knoll og Tott held framleis stand. Ein av dei som har levd ei stund i juleheftehyllene er Hårek den hardbalne.

Hårek den Hardbalne heiter eigentleg Hägar the Horrible. (Ill: membres.lycos.fr)Hårek den Hardbalne heiter eigentleg Hägar the Horrible. (Ill: membres.lycos.fr)

Amerikansk viking


Hårek, eller Hägar the Horrible som han heiter på engelsk, kom til verda i USA i 1973. Mannen bak denne raudskjegga vikingen var Dik Browne, ein då 56 år gammal teiknar med ei tjue år lang karriere bak seg.

Hårek har sidan då haldt det gåande i 58 land og på 13 ulike språk. Etter at Dikk Browne døydde i 1989 haldt sonen hans, Chris Browne, fram med å teikne Hårek.


Hard utapå, mjuk inni


Det er eit kosteleg persongalleri Browne laga i serien. Vikingen Hårek har det støtt travelt med å invadere England. Utanom jobben trivst han best med mjød og mat - og med familien sin.

Familien består av kona Gyda, den svermeriske dottera Møyfrid, ein filosofisk son ved namn Frode, hunden Fenris, anda Kvakk og sjølvsagt den underdanige venen Kark.

Kona til Hårek, Gyda, er eit riktig rivjern av eit kvinnfolk. (Ill: membres.lycos.fr)Kona til Hårek, Gyda, er eit riktig rivjern av eit kvinnfolk. (Ill: membres.lycos.fr)

Det går stort sett alltid fint for seg i Hårek. Sjølv når han raidar og plyndrar, så gjer han det med vikingen sin klønete sjarm. Humoren er lun, enkel og lettfatteleg - og sjeldan eller aldri støytande.

Mange gonger kan ein likevel finne undertonar i poenga, og dette er med og gjer Hårek til ein teikneserie som både vaksne og barn kan ha glede av.

Toler tidas tann


Juleheftet til Hårek dette året er kjekk tidtrøyte. Dei heilt store høgdepunkta er det nok ikkje så mange av, men det er triveleg lesnad, det er sikkert. Sett opp mot Pondus, Nemi og Kollektivet vert Hårek kanskje noko traust, men den vesle vikingen er likevel så tidlaus og solid at han toler å stå opp mot meir moderne julehefte. Samstundes er han etter kvart blitt gammal nok til å sjåast på som ein klassikar.

Juleheftet skal ikkje få korkje terningkast eller raude eple av oss i dag. I staden vil eg heller avslutta med litt kuriosa som eg fann om Hårek på nettet:

Brus


Det har seg slik at Hårek ein gong i tida fekk ein eigen brus - i det verkelege livet altså, ikkje i teikneserien. Brusen vart kalla opp etter Hårek, og fekk det flotte namnet Hägar the Horrible Cola. Det tok litt tid før dei ansvarlege fann ut at det kanskje ikkje var det luraste namnet på ei fødevare. Men ein flopp ein kunne le av, vart det i alle fall.

(Ill: steppenritter.de)(Ill: steppenritter.de)



Meir:


Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Personvernpolicy