Eige forum for nynorsk i skulen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utdanningsdirektoratet har etablert eit forum for nynorsk i skulen, med deltaking frå mange av dei viktigaste institusjonane for nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Fredrikstad Mållag)(Foto: Fredrikstad Mållag)

(NPK):
- Vi hamnar ofte i heilt unødvendige diskusjonar om rettane for elevar som nyttar nynorsk som hovudmål. Dette bør ikkje vera eit diskusjonstema.

- Dei reelle rettane til elevane skal liggja til grunn for arbeidet med nynorsk i skulen, seier direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet.

Representantar frå Noregs Mållag, Norsk språkråd, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsk Kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Det Norske Samlaget deltok på skipinga av forumet, som ikkje er eit forvaltningsorgan med formell avgjerdsmakt, men ein arena for gjensidig informasjon og samarbeid i utviklinga av eit meir heilskapleg grep om nynorsksatsinga i skulen.

Forumet skal særleg arbeide med tiltak og prosessar retta mot elevar som har nynorsk som hovudmål, og tiltak for å betre haldningane til nynorsk som sidemål. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving