Takk til galskapen

Er du kunstnar? Då kan du ta galskapen i handa og seie takk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Salvador Dali er kanskje den som står fram som den gale kunstnaren over alle. (Foto: www.castalie.fr )Salvador Dali er kanskje den som står fram som den gale kunstnaren over alle. (Foto: www.castalie.fr )

Det er ikkje så reint sjeldan ein høyrer om ulike personar og hendingar som kanskje mange av oss vil karakterisere som «galne» og «galskap»

Men kvifor har nokon tilsynelatande meir galskap i seg enn andre?

Kva er det som får folk til bu ei veke i utstillingsvindauge for å forfalle mest mogleg, putte rottelik på boks eller kutte kyr i to?

Kreative evner

To psykologar ved Newcastle University har forska på samanhengen mellom kunstnarar og galskap, og dei har funne ut at kunstnerane kan takke galskapen for kreativiteten sin, melder The Guardian.

Draum eller verkelegheit


Men vår eigen Odd Nerdrum er også ambassadør for galskapen. (Foto: www.kunsthal.nl)Men vår eigen Odd Nerdrum er også ambassadør for galskapen. (Foto: www.kunsthal.nl)

Etter å ha analysert 425 personar, skal dei ha kome fram til at kunstnerane scora lika høgt som schizofrene på «uvanleg kognisjon», eit personlegdomstrekk som gjer at ein ikkje alltid klarar å skilje kva som er verkelegheit og kva som er draum.

Sagt på ein annan måte er det som om dei blir «overvelda av sine eigne tankar».

Kunst?


Som om det ikkje var nok, skal dei gjennom forskinga ha kome fram til at kunstnarane i gjennomsnitt har dobbelt så mange sexpartnarar som resten av befolkinga.

Kva slutningar ein kan trekkje her, er usikkert. Det får heller bli opp til kvar enkelt...


Les meir på nettet:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy