Mi TV-helg (9): Lesevegring

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva gjer ein stakkars student når han midt i eksamenskaoset oppdagar at kontoen er skrapa og studielånet ikkje tikkar inn før i neste veke?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Far og son hos American Chopper. (Foto: ElCartel Media)Far og son hos American Chopper. (Foto: ElCartel Media)

Tar han seg i nakken og seier at nå kan eg jo bruka helga til å henta meg inn igjen på skulen og sleppa panikklesing kvelden før eksamen?

Å nei du, han plasserer seg djupt nede i den beste kroken i sofaen og tar eit godt tak i fjernkontrollen. Her skal ein bli underheldt!!

FREDAG

Underhaldande opning

Fredagskvelden opnar lett med «Simpsons» på TV3 klokka 18.00. Nemnt sist helg, men får æra av å vera med denne helga også. Denne suksessrike animasjonsserien som harselerer med alt og alle er nå på sin 17. sesong, og er ennå like underhaldande.

Dette er ikkje ferskaste vare, men noko godt får ein aldri nok av. Når Bart og Lisa har fått krangla frå seg i halv sju-tida er det på tide med litt musikk, svitsjing mellom MTV, VH-1 og The Voice er ikkje å komma bort frå.

Meir krangel

Klokka sju er det berre å vri over på alle med småguten inni seg sin draumekanal, nemleg Discovery. Her startar «American Chopper», om ein alt anna enn sunn familie.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det handlar om ein amerikansk familiedriven verkstad som byggjer sine eigne motorsyklar, og som ikkje minst kranglar om bygginga.

Den daglegdagse krangelen om kven som skal bruka badet først, som til tider kan utvikla seg til middels store kriser, blir berre smårusk samanlikna med desse.

Konstruktiv destruktiv oppførsel

Når ein først ser på Discovery er det jo ikkje vits i å skifta etter å ha sett motorsyklane, for då byrjar jo «Mythbusters». Berre det å sjå Jamie og Adam utfalda seg i eine forsøket sprøare enn det andre er underhaldande nok. Desse heldiggrisane får betalt for å øydeleggja ting.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter desse karane trur eg det vil passa seg med ein matpause. Anbefalt underhalding: Musikkvideoar, The Voice med «The Voice Party» blir nok valet, etter ein halv time blir ein lei av desse uansett.

Tyngre stoff


21.30 er det på tide å leggja frå seg den lette underhaldinga og prøva seg på ein film, TVNorge sender jo tilfeldigvis «Swordfish» akkurat då. For eit samantreff. I tillegg til at det passar inn i timeplanen for kvelden med ein film i dei tider, så er det ein film som absolutt er verdt å sjå. John Travolta og Halle Berry i hovudrollene, actionthriller med massevis av høgteknologi og spenning.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Einaste irritasjonsmomentet blir «Aktuelt og været» midt i filmen, men det er bare å snu det til noko positivt, ein får jo til dømes med seg kva som skjer rundt i verda, og då har ein i alle fall fått gjort noko fornuftig i løpet av kvelden.

Lett avslutning


Kvelden kan rundas fint av med «MAD-TV» rett etter filmen. NRK2 sender dette fantastiske amerikanske humor-showet. Den lille japanske dama som kan terga på seg gråstein er verdt heile programmet. Ferdig kvart over tolv.

Kanskje dreg ein gjennom alle kanalane ein kjapp gong berre for å konstatera at ingenting er verdt å få med seg, før ein inntar horisontalen.

LAURDAG



Matglad

I kveldinga er det på tide å sikta seg mot fjernsynet, etter dagens trivielle gjeremål som å stå opp, finne ut kva ein går glipp av ved å gro fast i sofaen, og finna seg litt mat.

Nå me allikevel er inne på mat, så er nok TV Norge kanalen. Der trør Jamie Oliver til klokka 19.30 for å laga kylling med hjelp frå publikum, og prøva å laga den ultimate ostekaka. Etter å ha sett Jamie leika seg, er det nok allereie på tide å laga seg litt snacks, og det passar eigentleg ganske bra sidan det ikkje skjer noko før 20.30 igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nerdefotball


Det fins ingen grunn til å skifta kanal, for her blir det artig fotball med «Tufte IL» klokka 20.30. Alle likar desse koselege gutane med interessefelt LANGT unna fotball som har blitt samla for å bli trente opp til å spela saman på eit fotballag. På laurdag er det reprise av den siste episoden, der laget spelar kamp mot Vålerenga.


Tid for film


ZTV sender actionkomedien «Money Talks» 21.30, og det er forsåvidt det beste filmalternativet i mine auge, så då blir det fort til at den rullar over skjermen. Rimeleg standard actionkomedie-plot, Charlie Sheen og Chris Tucker i hovudrollene. Tucker og Sheen må samarbeida, noko dei absolutt ikkje passar til, og slik rullar historia i vei. Grei film.


Avrunding


Etter filmen blir det eit par ledige minutt før reprisen av «Først og sist» som byrjar 23.55 på NRK2, fint program som det ikkje var tid til å sjå på fredag, så kvifor ikkje avslutta med det? Om det blir for tidleg å køya allereie 00.40, så fortset kanalen sendinga med «Danseband jukebox». Tenkjer nok det er fort gjort å ta til fornuft og leggja seg då.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SØNDAG



Bilglede

Lamborghini Murciélago, ein verkeleg draumebil. (Foto: Atspeedimages.com) Lamborghini Murciélago, ein verkeleg draumebil. (Foto: Atspeedimages.com)

Kva tidspunkt ein vaknar/orkar å stå opp er nok varierande frå dag til dag, men «Drømmebiler» klokka 14.00 er nok eit fint utgangspunkt til å starta dagen. Dessutan kjem det ein episode «Mythbusters» rett etter.

Tragisk morosamt


16.05 sender TV3 «Top Model USA», amerikansk reality. Modelljenter som kranglar og skaper intriger. Sikkert nedbrytande å sjå på, men du og du så fascinerande å sjå kva dei får seg til å seie. Blir det for mykje, kan ein jo slå av lyden og heva kvaliteten på programmet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Meir intriger


Når ein allikevel er i gong med slike program, er det ingen grunn til å gå glipp av «Love Cruise» på ZTV klokka 17.30. Samme konsept, nye folk, samme kranglar. Her er det som dei skryt på seg «16 unge, single og eventyrlystne menneske går om bord i eit flott cruiseskip som skal seila rundt i Karibien». Eg lurer på kva som får folk til å melda seg på slikt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Oppdatering og søndagsfilm


Etter realityen må det hard skyts til for å retta opp igjen, 21.00 er det nyheiter på TV2. Det passar seg med ei oppdatering så ein kan stilla friskt på skulen og skryta på seg at ein held seg oppdatert.

Vidare kan ein berre halda seg på kanalen, etter nyheter, vêr, sport og høvelege mengder med reklame viser dei «Shanghai Knights». Eg har inga aning om kva filmen går ut på, men Jackie Chan er med, så det ender nok fort opp i litt framvising av kampsport-kunstar. Om det er kvalitet eller ikkje kan diskuterast, men det er nok ein fin søndagsfilm.

Dette skal nok bli ei fin helg, nemnde eg forresten at ein kan fylla inn musikkvideoar i alle pausar? Det blir aldri nok av det.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving