Joner heidra av sitt eige fylke

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rogaland fylkeskommune viser at dei set pris på Kristoffer Joner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kristoffer Joner er rørt over at heimfylket hans ikkje har gløymt han.(Foto: home.online.no)Kristoffer Joner er rørt over at heimfylket hans ikkje har gløymt han.(Foto: home.online.no)

Kristoffer Joner er berre 32 år, men han har alt fått mange prisar for det framifrå skodespelartalentet sitt.

Seinast i oktober i år blei han kåra til århundrets norske skodespelar av Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF).

Rørt


Kristoffer Joner bur for tida i Bergen, men kjem opphavleg frå Stavanger i Rogaland, og no heidrar Rogaland Fylkeskommune han med Bragdprisen for 2005.

- Eg blir litt rørt kvar gong eg får ein ny pris. Og så kjekt at det er fylkeskommunen som gir meg ein pris. Det tyder at eg ikkje er gløymt, sjølv om eg har flytta frå Stavanger, seier Joner til Stavanger Aftenblad.

Ambassadør


Det er ikkje berre for skodespelartalentet at Joner blir heidra av heimfylket sitt. Fylket synest også at han er ein god ambassadør for Rogaland.

Prisen, som består av ein statuett av kunstnaren Kristoffer Nasilowski og ein sjekk på 30 000 kroner, blir delt ut på fylkestinget sitt møte 13. desember.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rogaland fylkeskommune sin Bragdpris har blitt utdelt kvart år sidan 1994. Den gis til ein kandidat som har markert seg utanom det vanlege nasjonalt og/eller internasjonalt innan sitt felt.

Hell i uhell


Trass sine unge år, har Joner spelt inn mange filmar som han har hausta gode kritikkar for, blant andre «Mongoland», «Detektor», «Naboer», «Villmark», «Vinterkyss», «Alt for Egil» og «Himmelfall».

Det har ikkje alltid vert like lett å vere Kristoffer Joner, alt har ikkje alltid gått på skjener, men dette er i følgje han sjølv ikkje berre negativt.

- Eg har vore heldig. Eg har berre hatt flaks i livet. Alt det vonde som har hendt meg, har snudd seg til noko positivt, seier Joner i eit intervju med bladet Psykisk helse.

Gymnaslærer Pedersen


Akkurat no er Joner i Oslo, der det er innspurt på innspelinga av filmen «Gymnaslærer Pedersen», basert på boka «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land» av Dag Solstad. Joner spelar tittelrolla i filmen, som har premiere på nyåret.


Les meir på nettet:




Neste klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving