Mi TV-helg (8): Alfred og Egil

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne helga vert ei salig blanding av skrekk og gru med Hitchcock og møte med pinsemeinigheita. Det er duka for ei ny helg framfor skjermen!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alfred Hitchcock i arbeid med filmen «Torn Curtain» i 1966. (Foto: Universal.)Alfred Hitchcock i arbeid med filmen «Torn Curtain» i 1966. (Foto: Universal.)

Laurdag


Seint laurdag kveld sender NRK «Alfred Hitchcock presenterer». Hitchcock var filmregissøren som verkeleg utvikla spaningssjangeren thrilleren.

Hitchcock blei fødd i London 1899, men arbeidde sidan 1940 i USA og døydde i Los Angeles i 1980. Han skapte heile 54 heilaftens filmar, og det på eit slik mesterleg vis at han står i ei særstilling.


Nyinnspeling


Alfred Hitchcock sine thrillerar har blitt spelt inn på nytt. Dermed ligg det til rette for eit moderne inntrykk og høg teknisk standard.

Har ein ikkje sett originalane så har ikkje dette noko å seie. Men spaningsfilmar av høg kvalitet i svart/kvit, sprakande lyd og gamaldags klipping gjer at dei kan løfte seg.

Du kjem inn i ei ukjend verd som framhevar thrilleren si atmosfære. Uansett - om ein likar det eller ikkje - nyinnspeling er det, og har ein ikkje sett originalen så slepp ein å sitje å samanlikne og vurdere. Hitchcock sitt namn borgar for at dette vert bra uansett.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Mannen fra sør


Thrilleren Alfred Hitchcock presenterer denne veka er «Mannen fra sør». Fire menneske møtest ein tidleg morgon i Las Vegas-kasinoet etter ei katastrofal natt med gambling. John Huston, Kim Novak og Tippi Hedren spelar hovudrollane. Kl. 01.05 på NRK 1 på laurdag.

Søndag

Egil Svartdahl og Monica Øien vert å treffe i TV2 sitt livssynsprogram, «TV-pastoren». (Foto: TV2)Egil Svartdahl og Monica Øien vert å treffe i TV2 sitt livssynsprogram, «TV-pastoren». (Foto: TV2)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«TV-pastoren» er TV2 sitt livssynsprogram, ein oppfølgar til «Søndagsåpent».

I programmet møter me Egil Svartdahl og Monica Øien. Her handlar det om å følge menneske i historier som pågår. Ein veit med andre ord ikkje korleis det endar.

Første episode av i alt 10 gjekk sist søndag og rikssynsaren i VG gav terningkast 4. Det kan vere ein peikepinn på at dette livssynsprogrammet klarer å balansere det personlege og nære utan at det blir vulgært og utleverande.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utfyllande

Egil Svartdahl er pastor i pinsemenigheita Filadelfia i Oslo. Han kjenner den pastorale rolla godt, dette kombinert med tv-erfaringa hans, gjer at det ligg til rette nokre rike episodar. Monica Øien vil mange hugse som kjendisreporter i «God kveld, Norge». Utfyllande og spanande!


Soning og vigsel


I andre episode møter me Bjørn som sonar ein narkodom i Krogsrud fengsel. Han fortel om sine mål og treng gode råd! Vi møter også Birgitt og Pekka som ynskjer å bli vigsla på Aker Brygge.

To ytterst forskjellige situasjonar. Utfordringa vert om dei ærleg og truverdig klarer å formidle til sjåarane dei forskjellige oppgåvene.
«TV-pastoren» ser ein på TV2 søndag kl. 18.00.

God TV-helg!


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving