Kva for ei luke skal du opne?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Neste Klikk er seg sitt ansvar bevisst og gir deg her ein guide til julekalendrane på tv og i radio. Og ein på nettet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Månetoppen» har gått på NRK før, men ungane hugsar det igjen med glede. (Foto: nrk.no)«Månetoppen» har gått på NRK før, men ungane hugsar det igjen med glede. (Foto: nrk.no)

Det er sikkert nesten like mange kalendrar som det er kanalar, men me har altså valt å halde oss til dei største kanalane.

Etter å ha tatt eit kjapt sveip over nettstadene til nokre av dei store kringkastarane, er ordtaket «intet nytt under solen» nokså nærliggjande.

Her er det ei heftig resirkulering ute og går, med eit par heiderlege unntak.

NRK klokka 18.00


NRK har dei seinare åra lagt seg på ei rullering av sine eigenproduserte seriar om blånissar og raudnissar, og sidan det er tre seriar, så kan dei minste lett ha gløymt ein serie ut før han dukkar opp att. Det er ein styrke.

I år er det «Månetoppen» som er julekalender i barne-tv. Det er den serien kor dei blåe og dei raude oppdagar kvarandre og startar ein kamp om kven som er dei «ekte» nissane. 24 dagar med Storm og Rødnissejenta er heilt suverent for ungar flest, og truleg og for foreldra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


TV2 klokka 17.40


TV2 har «Vazelina hjulkalender» på programmet i år. Det er to år sidan sist, og for mange er det ikkje meir tid enn dei treng for å fordøye førre runde. Vazelina er dei enkle sjelene som blir utfordra av Maj Britt Andersen til å redde både miljøet, jula og nissen frå klørne til den ekle gjengen på Blazerfjell Panorama Apartments.

TV Norge klokka 20.00


Også TV Norge sender reprise dette året. «Nissene på låven» er Espen Eckbo sin adventsreality som fekk store mengder skryt første gongen han vart vist. Konseptet er typisk reality, med konfliktar, tåpelege prøvelsar og utstemming. Dessutan får ein møte mange av Eckbo sine rare karakterar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er 24 timar att til juleaftan.... (Foto: tv3.no)Det er 24 timar att til juleaftan.... (Foto: tv3.no)

TV3 klokka 20.00


Den einaste av dei norskspråklege tv-kanalane som satsar nytt i år, er TV3. Serien «Tjuefjerde» skal vere ein parodi på spenningsserien 24 med agent John Buer (Kim Haugen) i spissen for spesialgruppa S.T.U. (Senter for trusler og andre utfordringer).

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Tjuefjerde» er ikkje ein julekalender for dei små, såpass har me forstått. Faktisk har det vore litt fram og tilbake med denne serien i forhold til kva sjåargruppe «Tjuefjerde» burde nå, og den fekk derfor eit seinare starttidspunkt enn først tenkt.

NRK P3 klokka 08.50


Dei som kanskje satsar mest utradisjonelt er vel P3-morgon, som i år har vald å lage ein julekalender om og med rogalandsmusikarar. Bakgrunnen for serien er det at musikkredaksjonen i P3 opplevde at ein del rogalendingar blant artistane har vore irriterte fordi dei ikkje var godt nok representerte i ein annan serie som kanalen laga.

Derfor valde P3 å gi skikkeleg gass og lage ein eigen julekalender basert på dette. Morten Abel og Janove Ottesen frå Kaizers skal vere med som seg sjølve i «The Rogalendings».

Rosina i pølsa


Til slutt nemner vi at vi her i nynorsk Neste Klikk startar vår eigen, heilt nyproduserte «julegåvekalender» i morgon. Der spør vi folk kva dei ønskjer seg til jul. Kanskje du kan finne nokre tips til kva du kan leggje under treet? Det gjenstår berre å finne ut i morgon, første dagen i desember månad...

ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving