Kate Moss back in business

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kate Moss blei teken for å sniffe kokain, no tener ho pengar som aldri før.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: koolcelebrities.com)(Foto: koolcelebrities.com)

Mange var rysta då Kate Moss blei teken for kokainsniffing i haust. Det var Daily Mirror som gjekk ut med avsløringane om misbruket.

Moss var i studio med kjærasten Pete Doherty då ho skal ha sniffa fem striper med kokain i løpet av 40 minutt.

Daily Mirror publiserte bilete frå ein video som avisa fekk tak i.

Dette førte til at det såg dystert ut for Kate Moss og karrieren hennar, men no er supermodellen tilbake igjen, og det med full styrke.

Hadet og velkomen igjen

Då skandalen kom, var det fleire av arbeidsgivarane til Moss som reagerte med å gi henne sparken. Men no ønskjer dei å ta henne inn i varmen igjen.

Kate Moss er blitt tilbode kontraktar frå fire store motehus, deriblant Calvin Klein. I følgje britisk presse kjem ho til å skrive under på desse innan årsskiftet.

Det var Calvin Klein som gjorde Moss verdskjend, og dei er viljuge til å punge ut med to millionar kroner for Kate Moss sine tenester.

Før kokainskandalen hadde Moss ei årsinntekt på 53 millionar, no ser det ut til at ho kan tredoble inntekta til heile 160 millionar kroner.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Støtte frå Depp

(Foto:koolcelebrities.com)(Foto:koolcelebrities.com)

Mange har støtta Kate Moss i denne vanskelege tida, blant andre ekskjærasten Jonny Depp som er sjokket over behandlinga Moss har fått i media.

- Ho har blitt drege gjennom søla. Kate er ikkje ute etter å bi president, ho er ikkje ein gjenoppstått messias.

- Ho er ikkje nokon filosof eller ei som latar som ho er eit dydsmønster. Ho er berre eit menneske, skal Depp ha sagt til Daily Mirror.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Ny start


Kate Moss har teke problema sine på alvor, og har no vore på ein avvenningsklinikk i New York.

I følgje The Sun ser Kate Moss betre ut enn nokosinne og er tilbake for fullt.

- Det er feil å seie at problema har gjort ho meir attraktiv, ingen ønskjer å bli assosiert med narkotika. Men no er ho tilbake og er på veg oppover med ny start, det er det som tel, seier ei kjelde til avisa.


Kjærleiken blomstrar


Også i kjærleikslivet ser det ut til at det fell på plass for Kate Moss. I følgje britiske media er kjærasten til Moss, Pete Doherty, også innlagt på avvenningsklinikk.

Når ting kjem på rett kjøl igjen, går det rykte om at paret har planar om å flytte saman til Los Angeles.


Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving