Vestlendingane held godt på dialekten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vestlendingane held godt på dialekten sin og let seg ikkje prega av bergensk i same grad som folk på Austlandet tek opp i seg trekk frå Oslo-talemålet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg trur at den gode utviklinga først og fremst kjem av at folk er mykje stoltare av dialekten sin enn før, seier professor i nordisk, Gunnstein Akselberg ved Universitetet i Bergen. (Foto: Runo Isaksen, UiB, NPK)- Eg trur at den gode utviklinga først og fremst kjem av at folk er mykje stoltare av dialekten sin enn før, seier professor i nordisk, Gunnstein Akselberg ved Universitetet i Bergen. (Foto: Runo Isaksen, UiB, NPK)

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

- Det er ein myte at bergensk et seg så kraftig ut over dei kringliggjande områda, seier professor i nordisk, Gunnstein Akselberg til nettavisa På høyden ved Universitetet i Bergen.

Akselberg held på med eit studium av dialekten blant 120 ungdomar ved Voss gymnas og seier at sjølv om eldre og vaksne klagar på at dei unge på Voss får ei utvatna dialekt, så er det få teikn på at dei tek til seg bergensuttrykk i dialekten.

Inga viktig endring


Rett nok nyttar Vosseungdommen nokre får symbolformer som noe, mye og se, men Akselberg ser ikkje på dette som ei viktig endring.

- For det første vart desse formene nytta på Voss alt for hundre år sidan på grunn av Vossebana, og bruken av dei er langt frå nok til å snakka om radikale endringar i talemålet, seier Akselberg. Han var prosjektleiar for «Talemålsendring i Noreg» som vart avslutta i 2003.

Når det gjeld påverknaden frå bergensk talemål, seier han at det er viktig å skilje mellom det som spreier seg av seg sjølv og det at bergensarar flytter ut og tek dialekten med seg. For det siste er mest vanleg.

Innflyttarane frå Bergen har med seg dialekten sin som flyt over i den lokale dialekten til ei samansmelting mellom såkalla gatebergensk og striledialekt, seier dialektforskaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hovudstadseffekten


Regionalisering av dialektar vil seia at dei store byane i kvar region påverkar språket i områda omkring. Akselberg fortel at talemålsprosjektet hans synte at Vestlandet og Sørlandet var langt mindre prega av dette enn Austlandet.

Han peikar på at det finst ein hovudstadseffekt, som går på at store delar av talemåla på Austlandet tek opp i seg trekk frå Oslo-talemålet, og helst «lågstatusspråket» som blir nytta i Oslo aust. Denne effekten finn ein ikkje i dei andre landsdelane. Særleg skil Vestlandet seg ut når det gjeld bevaring av dialektar.

- Når det gjeld Vestlandet som region er eg av den oppfatning at den gode utviklinga først og fremst kjem av at folk er mykje stoltare av dialekten sin enn før. Dette er nok ikkje tilfeldig, og kan mellom anna knytast til at vestlandsidentiteten har vorte styrka, seier Akselberg, og legg til at han ikkje har tru på at alle kjem til å snakke Oslomål nokon gong. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving