Eit liv blant stjernene

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kven var det som viste Anneke von der Lippe kor ho skulle sitje på Emmyutdelinga i går? Det kunne vore deg!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jennifer Lopez sit ikkje kor det skal vere på Oscar-utdelinga. (Foto: kevhead.com)Jennifer Lopez sit ikkje kor det skal vere på Oscar-utdelinga. (Foto: kevhead.com)

Har ein ikkje skodespelartalent, kan ein heller tenkje på å få seg ei karriere bak kulissane for å få lov til å omgåast kjendisane.

Take your seats!


Veit du til dømes kva ein usher er? Det er han eller ho som viser stjernene kor dei skal sitje på dei store prisutdelingane. På nettstaden iVillage kan du vere usher under anten Emmy- eller Oscarutdelinga, viss du vil.

Ikkje kranglefantar side om side


Du treng litt kunnskap om amerikansk såpeopera for å greie deg, men med eit lågt ambisjonsnivå blir det berre artig, og det er lite kjeft å få i denne jobben.

Eit lite stalltips frå meg: Madonna og J-Lo er vist ikkje så gode vener, så dei skal neppe sitje ved sida av kvarandre.

Tingeling tatovert på rumpa?


Du kan og testa kunnskapen din om kva for ein kjendis som har kva slags tatovering, viss du vil. Har du sett eit Se og Hør og to dette året, skulle det vere ei smal sak.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjendis med kjendis-svigermor. (Foto: nnbd.com)Kjendis med kjendis-svigermor. (Foto: nnbd.com)

Svigermors draum


Eller kva med å finne kva rockestjerne som høyrer til kva for ei kjendis-svigermor. Det kan jo vere praktisk å vite uansett, når du skal sikte deg inn på kva for barn-av-superstjerne som er ledig for eit eventuelt giftemål med deg sjølv.

Ta deg ein liten pause, du, og beveg deg litt på nett med fiffen.

Les meir på nettet:

Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving