Popdronning fekk ja

Artikkelen fortsetter under annonsen

I helga fekk popdronninga Christina Aguilera «ja» frå sin trulova, Jordan Bratman.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: dating.about.com)(Foto: dating.about.com)

Christina Aguilera, 24, har vunne fire Grammyprisar, prisar for beste popvideo, beste filmkunst, beste styling og make- up, beste kvinnelege artist og no har ho vunne Jordan Bratman, 28, sitt hjarte.

Poetisk friar


Paret møttest første gong i 2002, då Jordan Bratman jobba for AzoffMusic Management, som er plateselskapet til Christina Aguilera.

Etter tre år trulova dei seg. I følgje magasinet People skal frieriet funne stad då dei to var på ferie i Carmel, California.

Her hadde Jordan Bratman pynta hotellrommet med roseblader, raude og rosa ballongar og esker med gåver og sjølvlaga dikt.

I ei av eskene var det ein diamantring, og då Christina opna ho, gjekk Jordan på kne og fridde.

(Foto: dating.about.com)(Foto: dating.about.com)

Forlovelsesringen, ein fire karat diamant- og platinumring, er designa av den berømte britiske smykkedesignaren Stephen Webster.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Den store dagen


Laurdag 19. november var den store dagen. I følgje People vart bryllaupet feira i solnedgang på ein romantisk vingard i Rutherford, California.

Christina Aguilera hadde pynta håret med juvelar og kvite blomar, og var iført ein kvit brurekjole designa av Christian Lacroix. Brurejentene hadde klede frå designer Kai Milla, som er kona til Stevie Wonder.

Ingen gåver


Bryllaupsfeiringa starta alt torsdag ved at paret hadde ein generalprøve på middagen. Dette fant stad på gourmet restauranten «Auberge du Soleil» i Napa valley, California. Blant dei som var inviterte var Sharon Stone, Cameron Diaz og Drew Barrymore.

Under middagen skal paret ha uttrykt at dei ønskte at gjestene skulle donera pengar til dei pårørande etter Kathrina katastrofen, i staden for å gi dei gåver.

Les meir på nettet:


ABC Startsida:

Neste klikk:




Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving