Mi TV-helg (7): Simpsons ruler

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne helga blir det TV på ungane sine premissar. Det er ganske kult å vere barnsleg, berre sjå her!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: answers.com)(Foto: answers.com)

Det er skamkjekt å sjå TV i lag med ungar, då har ein ei unnskyldning for å ein sitje framfor skjermen tidleg
på kvelden, med godt samvit.

Fire ville ungar


Ein kan byrje ganske tidleg, faktisk rett etter jobben om ein vil. Å sjå «Malcolm i midten» på TV2 klokka 16.00 er ein fin «tøm-hjernen-aktivitet» på ein fredag.

Ungar synest det er kjekt å sjå Malcolm og dei tre brørne hans gjere sitt beste for å ta knekken på foreldra og nabolaget dag ut og dag inn, utan at dei går på akkord med det hjartegode som ligg i botnen av sjela deira.

Dette programmet er ein skikkeleg høydare og ein bra start på ei god TV-helg.

NRK kan jobben sin!


Ære vere NRK for dei gode, eigenproduserte barneprogramma! Dei utgjer ein herleg kontrast til mykje av dei overhysteriske, flate og masseproduserte teiknefilmane dei meir kommersielle kanalane pøsar på med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

 (Foto: promo fra tv3) (Foto: promo fra tv3)

Difor er det heilt enkelt å peike ut NRK klokka 18.00, og for tida er det «Fritt fram» med Asgeir og Ville som går på barne-TV på fredagane. Rett nok er dette reprise, men for dei ikkje så alt for store ungane er det nytt stoff.

Asgeir Borgermoen er ein stor og glad gut som snakkar rett inn i hjarta og hovudet på ungane (og foreldra). Denne gongen skal det handle om motsetnader, om lyst og mørkt og den slags.

På same tid går «The Simpsons» på TV3 og her kjem videospelaren kjem inn i biletet, litt Simpsons kan vere greitt å ha på lager til seinare i helga nemleg, både for barn og vaksne.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Gennialt, Egon»


Seinare på kvelden ser me «Olsenbanden Jr. går under vann», ein spelefilm som på TV2 klokka 20.00. Rykta seier at denne filmen er skikkeleg morosam, så då trur me på det.

Dessverre blir filmen avbroten av nyheitene klokka 21.00, og held derfor på heilt til klokka er nesten 22.30. Det er litt seint for dei minste, men det går jo alltids an å spele inn den siste delen på video. Videospelaren kjem altså til nytte fleire gongar denne helga!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Supershow for og med barn


Skulle veret vere dårleg på laurdag, er det heilt greitt å få med seg reprisar av «Vil du bli millionær» på TV2 klokka 13.10 og 14.10. Gamle spørsmål blir som nye, det er heilt ok.

 (Foto: westernwheel.com) (Foto: westernwheel.com)

Elles held me oss vekke frå skjermen heilt til - ja, nettopp! - barne-TV. «Barnas Supershow» er eit program laga på ungane sine premissar, det er ungane sjølve som også er programleiarar.

Dei vaksne i dette showet er berre bipersonar, og dei må ofte gjere dei underlegaste og dummaste ting for å tilfredsstille dei små. Det er fint å sjå på, og svært underhaldande for barna, sjølvsagt.

La det rock'n'roll


«Melodi Grand Prix junior» kjem ein ikkje unna. Ni år gamle Malin Reitan frå Trondheim skal forsvare Noregs ære i Brussel denne kvelden. Ikkje så mykje meir å seie om det, anna enn at det byrjar på NRK klokka 20.15 og slutar høveleg seint, klokka 21.45.

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: specialgratis.it)(Ill: specialgratis.it)

«

You kill 'em, we grill 'em

»


Søndag morgon er det klart for «Simpson»-episoden som vart spelt inn på fredag. Denne animasjonsserien har gått på fjernsyn sidan 1989, og det er like morosamt framleis.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei artige og orginale figurane er morosame og treff rett i hjartet til store og små! Greitt nok, dei snakkar engelsk og ikkje alle ungar greier lese tekstane, men dei bryr seg ofte ikkje om slike uvesentlege detaljar viss me andre berre ler høgt og lenge. Og det gjer me til «The Simpsons»!

Til å bli klok av


«Newton» på NRK klokka 18.30 er eit utruleg bra program om populærvitskap, natur og miljø. Det som er greitt med «Newton», er at det har noko å fortelje til både vaksne og barn. Denne søndagen skal det handle om menneskets beste ven, hunden, og dessutan om eit noko meir obskurt kjæledyr, nemleg lamaen...

God natt, Noreg


Siste innspurt før leggetid blir «God kveld, Norge - spesial» på TV2 klokka 19. Det skal handle om høgaktuelle Harry Potter, og det kan vere interessant å høyre litt meir om korleis den siste filmen blei til.

Ypperleg avslutning på helga, og viss ikkje heksene og uhyra i Harry Potter har skremt livskiten ut av dei små, er det berre å seie natt-i-natt.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving