Blei nekta å snakke samisk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Kautokeino Innebandy og Maze sisbandy spelte seriekampar i Hammerfest sist helg, blei spelarane nekta å snakke samisk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samisk er sidestilt med bokmål og nynorsk.Samisk er sidestilt med bokmål og nynorsk.

Dette hevdar Ellen Aina Eira frå Kautokeino IL til Altaposten.

Spelarane snakka samisk seg i mellom under kampane, slik dei også kommuniserer til vanleg.

Etter kampen på laurdag blei dei oppsøkt av Anders Hove, som er dagleg leiar av Hammerfest Innebandy, planansvarleg for finnmarksserien og styremedlem i Nord-Norge Bandykrets.

Snakk slik at folk forstår


- Hove nekta oss å snakke samisk på banen, og sa at vi må snakke norsk slik at alle forstår. Vi forklarte han at vi har svenske og finske lagkameratar som pratar samisk. Då føreslo han at vi kunne snakke engelsk, for det forstår alle, fortel Eira til Altaposten.

Forskjellsbehandling


Eira og dei andre spelarane frå Maze og Kautokeino trur ikkje nokon vil tvinge spelarane på dei finske og norske innebandylaga å snakke engelsk når dei møtast, for at alle skal forstå kva dei seier.

Ho nemner også at når det norske landslaget møter det engelske, treng ikkje nordmennene å snakke engelsk for at engelskmennene skal skjøne kva dei seier seg imellom.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Innlysande


I følgje regelverket har spelarane rett til å snakke samisk på banen, seier Eira. Det er berre lagkapteinen som skal snakke med dommarane, og ho presiserer at det er heilt innlysande at ein då snakkar norsk.

Spelarane føler seg sjikanerte, og reagerer sterkt på hendinga. Den same Hove skal ha møtt spelarane frå Kautokeino og Maze med kommentaren «velkomen til sivilisasjonen» då dei kom til Hammerfest.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tilbakeviser


Anders Hove tilbakeviser overfor Altaposten at han har nekta spelarane å snakke samisk.

- Eg har ikkje noko i mot at dei snakkar tysk, samisk, russisk - eller for den sakens skuld gresk seg i mellom på banen. Men når samtalane blir retta mot nokon som ikkje forstår språket, vil eg ha det oversett.

Fjør


Hove meiner at dette er ei fjær som har blitt til fem høns, og understrekar at kommentaren om sivilisasjonen var meint som ein «icebreaker», og ikkje som hets eller stigmatisering.

Krigar, men er venner


- I Finnmark er innebandyen ein stor familie. Vi krigar på banen, og er venner ellers. Det håpar eg at vi kan fortsette å vere, seier Hove til Altaposten.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving