Mi TV-helg (5): Reality og gamle kjende

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV-kanalane fløymer over av realityseriar. Kan det kome noko godt ut av det?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fredag

TV-helga byrjar med ein god gammel kjenning, om eg greier å kome meg heim frå jobben i ok tid i dag.

16.30 skal eg og middagen feire helgas inntog med å benke oss framfor skjermen for å få med oss dagens episode av «Friends», eller «Venner for livet» som serien heiter på norsk, på TV2.

Frå filmen Celebrity. (Foto: woodyallen.art.pl)Frå filmen Celebrity. (Foto: woodyallen.art.pl)

Det vert ikkje laga nye episodar av Friends lenger, så det som vert sendt er repriser.

Men kanskje eg ikkje har sett denne før? For meg er Friends-folka mest som gamle kjende, og det kan vere artig å sjå kva dei finn på sjølv om eg har sett episoda før.

Design frå sofaen


Klokka 19.00 skal eg prøve å få med meg «Designerspirene» på TV3.

Eg har aldri sett dette programmet før, men det er eit av «studieobjekta» mine. Eg har nemleg sett meg føre å finne ut om reality berre er tull.

Amerikanske designstudentar skal designe brudekjolar til modellar dei vel sjølve. Og modellane skal også vere med å bestemme.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

India og Pakistan


Om eg har fått nok reality allereie klokka 19.30, går eg over til «Safari» på NRK2. Programleiaren Marte Spurkeland tek i dag for seg temaet «Kunst og konflikt».

Ho får besøk av den indiske vinnaren av Munchprisen, Amar Kanwar, som er kjend for å tematisere forholdet mellom India og Pakistan i arbeida sine.

På TV2 Zebra klokka 20.55 kan vi sjå Woody Allen sin dramakomedie «Celebrity» frå 1998. Der får vi møte journalisten Lee Simon, ein journalist med forfattarambisjonar. Han treff mange kjendisar i jobben sin, og snur opp ned på livet for å starte eit nytt. Det er alltid artig å sjå dei klønete historiene til Woody Allen.

Fredagskvelden vert avslutta med enno ein gammal kjenning, nemleg Bob Dylan. NRK1 viser ein dokumentar i tre delar om denne legendariske og mysteriøse mannen. Klokka 00.10 får vi sjå arkivopptak og intervju med blant andre Allen Ginsburg, Joan Baez og sjølvsagt Dylan sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Laurdag

Laurdag ettermiddag blir det ny innsats på realityfronten. «Jakten på kjærligheten» går i reprise på TV2 klokka 16.30, og der får vi sjå korleis det går med gardbrukarane som freister å få seg kjærastar, omgjevne av friarar.

Trass prosjekt; eg trur eg styrer unna «Slankekrigen» som går på TV Norge klokka 18.30. Det får vere måte på reality.

Nicholas Cage. (Foto: Sillionaire.com)Nicholas Cage. (Foto: Sillionaire.com)

Men «Heia Tufte!», klokka 20.35 på TV Norge, må eg sjølvsagt ha med meg.

Tufte er det absolutte høgdepunktet i norsk reality, alle elskar dei 16 nerdane, og eg er interessert i fotball for første gong i mitt liv.

Erik Thorstvedt er supersympatisk og kjempeflink, og eg heiar definitivt på Tufte.

Romantikk med Nicholas


Etter Tufte IL-ekstasen roar eg meg ned med ein film på TV3. « It Could Happen To You» frå 1994 byrjar klokka 21.30.

Dette er ein romantisk komedie med Nicholas Cage. Denne mannen likar eg svært godt, vanlegvis likar eg filmane han spelar i og.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Søndag


Søndagen fortset realityprosjektet med den åttande episoden av «Søppelkongen» på TV2 klokka 16.00. To lag oppheld seg på ein søppelhaug i to veker, og konkurrerer om kven som kan lage mest mogleg verdifullt av skrotet dei finn.

Det høyrest jo både kreativt og miljøvenleg ut, sjølv om det er utstemming av deltakarane etterkvart, heilt til søppelkongen blir kåra til slutt.

Klokka 17 er det «Date My Mom», ein amerikansk realityserie, på TV Norge. Konseptet går ut på at ein mann går på stemnemøte med fleire mødre og ut i frå desse møta bestem seg for kven si dotter han vil ha.

Og for å få litt kulturell input i sluttinnspurten av helga, må eg få med meg «Lydverket», som går i reprise på NRK2 klokka 19.25. Her får vi vite alt om låten «Apache», som er ein av dei mest sampla i musikkhistoria.

Gjer du som meg? I så tilfelle; God reality-helg!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving