Åpen for alle - alltid

1,5 millionar til nynorsk leksikon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stoltenberg-regjeringa føreslår å løyve 1,5 millionar kroner til eit allment nynorsk leksikon på Internett i 2006.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ottar Grepstad er nøgd med forslaget om 1,5 millionar til nynorskleksikon på Internett. (Foto: Norsk Plan)Ottar Grepstad er nøgd med forslaget om 1,5 millionar til nynorskleksikon på Internett. (Foto: Norsk Plan)

Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk Kultursentrum er svært nøgd med nyhendet.

- Dette har kvar einaste nynorskbrukar og mange andre grunn til å gle seg over, seier Grepstad i ei pressemelding.


Følgjer opp kulturmeldinga


Med dette forslaget følgjer Stoltenberg-regjeringa opp det som står i kulturmeldinga frå 2003, som stortingsfleirtalet slutta seg til i 2004 og som også kom tydeleg fram i Soria Moria-erklæringa.

Det har ved fleire høve blitt understreka kor viktig det er med meir nynorsk innhald på Internett.


Viktig tiltak


Bondevik-regjeringa framheva dette i kulturmeldinga si, strategigruppa til Norsk språkråd gjorde det same i den innstillinga om norsk språkpolitikk dei la fram for ei veke sidan, og eit samla nynorskmiljø har i fleire år sagt at dette er det viktigaste nye tiltaket for å gjere det lettare å vere nynorskbrukar, heiter det i pressemeldinga frå Nynorsk Kultursentrum.

- Eit nynorsk leksikon på Internett må vere så allment, så jamleg oppdatert og så godt tilpassa brukarbehova at særleg skuleelevane kan bruke det dagleg. Vi føreset også at ein slik kunnskapsbase inneheld mykje stoff som dekkjer den nynorske skriftkulturens historie og samtid, seier Grepstad.

- Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum har planane klare for Nynorsk digitalt leksikon, og vi gler oss til det vidare arbeidet med saka, seier Ottar Grepstad.

Les meir:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving