Åpen for alle - alltid

Ein liten detalj om gifteri!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han var ein av dei utvalde i «Jakten på kjærligheten». Men i morgon forlet han Ingeborg Semb og garden på Biri.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Garden på Biri der Ingeborg og friarane bur. (Foto: www.biri.no)Garden på Biri der Ingeborg og friarane bur. (Foto: www.biri.no)

«Du har tatt det første skrittet mot visdom, når du har lært å holde munn».

Desse visdomsorda av Johann Wolfgang von Goethe stemmer nok i mang ein samanheng. Men det er ikkje alt som er lurt å teie om.

«Jakten på kjærligheten» har vist seg å vere ein vinnar på TV2 denne hausten. Kathrine Moholt sitt program er eit av dei mest sedde programma på TV2. Over ein halv million menneske følgjer spent med kvar veke medan bøndene jaktar på den eine rette.

Trekkjer seg frå programmet


Ei av dei som håpar på å finne den store kjærleiken er Ingeborg Semb frå Biri. Foreløpig har ho fire staute friarar heime hjå seg på garden, men i morgon reiser den eine der ifrå, frivillig.

Deltakar Sigurd Inge Langnes hadde nemleg i følgje Se og Hør, utelate å fortelje at han framleis var gift då innspelinga var i gang og at skilsmissen frå kona først blei formalisert no i haust.

Ante fred og inga fare


Ingeborg Semb seier til Se og Hør at ho ikkje visste at han berre var separert, men at han sjølv har valt å trekkje seg frå programmet.

Men, trass dette er det framleis håp for dei som er igjen. I morgon kl 20.00 er det berre til å benkje seg framfor TV og følgje med på korleis det går med dei håpefulle.

Les meir:

TV2 om Bonderomantikk.

Meir kjendiseri i Neste Klikk.

Neste Klikk sin kjendisskole.

Kjendisar er også ein kategori i Startsida si lenkjesamling.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og Drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving