Mi TV-helg (3): Å hoppe over gullrekkja

Ein fredag utanom sigersrekkja til NRK er nok utfordrande i seg sjølv. Tenkje det, ja. Men gjere det? Vel, eg har tenkt å gjere eit forsøk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Styrketrening


Lene Kaaberbøl. (Foto: Samlaget.no)Lene Kaaberbøl. (Foto: Samlaget.no)

Fredag kveld, same tid som det uunnværlege «Nytt på Nytt» tek til, vil eg svitsje over til NRK 2 og sjå ein dansk dokumentar om Lena Kaaberbøl.

Ho er ikkje ein kjend dansk slaktar, men gjer det svært godt som forfattar i mange land. På det Norske Samlaget sine heimesider står det å lesa at på ein skala frå 1 til 10 får bøkene hennar 11.

Og sjangeren er fantasi. Ingen forfattar har seld så mange eksemplar på nynorsk for ungdom som denne danske forfattaren. Til tider fleire enn Harry Potter, og det er altså dei som meiner bøkene hennar er betre enn Potter. Så noko må det vera med denne kvinna frå København.

Lett jogg


Alt skal ikkje reflekterast over, noko skal berre takast i mot. Etter ein slik seriøs og kraftfull start på helga må me leggje inn ein dose enkel underhalding.

Med entusiasme, engasjement og breie glis tek Thomas Numme og Harald J. Rønneberg oss med på eit talkshow kl. 22.10 på TV 2. Overraskingane står i kø, hevdar dei.

Tidleg i seng


Fredagen er eit merkeleg fenomen i veka. Det er uendeleg lenge til måndag og ny arbeidsdag, men sidan ein ikkje har tøfla over til naboen og smakt på ein god raudvin har ein lyst å koma i seng tidleg for i morgon må vinterdekka på, blomsterknollane i hus og vedlageret kontrollerast.

For dei som ikkje veit det, så er laurdagen ein av dei beste radiodagene i veka. Radioen står innstilt på NRK P2 som har eit flott sendeskjema som når sitt klimaks med «Hallo i Uken» og reisemagasinet «Ut i verden» utpå ettermiddagen. Det lettar arbeidsdagen for meg som helst kunne tenkt å gjere heilt andre ting enn desse trivielle gjeremåla.

Ekstremsport


Blir det Start som vinn? (Foto: NRK.no)Blir det Start som vinn? (Foto: NRK.no)

Sidan det er så spennande fotballinnspurt i 1. divisjon og eliteserien denne laurdagen, reknar eg det som sjølvsagt at me mest ikkje maktar meir fjernsyn enn små drypp denne kvelden.

Faste postar


Då tek me berre dei faste postane laurdagskvelden, TV 2 si nyhendesending må vera med så lenge den ikkje bryt med laurdagsrevyen. Men kl. 21.30 er me klar til eit nytt avsnitt av «Med hjarte på rette staden», der nye saker skal løysast i den mest kriminelle landsbyen i verda.

Meir jogg

Går alt som me planlegg sundag er Newton og Sundagsrevyen faste postar. Å tevla likar me alle og Frithjof Wilborns «Vil du bli millionær?» fenger. Meir enn 10.000 menneske vil delta i programmet, og er sjela svak ser eg ikkje bort i frå at eg droppar innom mellom kl 20.00 og 21.00 og ser om eg kunne vunne millionane.

…der nokon kunne bu


For femten år sidan byrja Per Sørflaten eit nytt liv. Han ville ikkje vere slave av klokka og maskinen lenger, skriv NRK i sin omtale av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Kjente spørsmål dette, ja, og for å stetta trongen for å sleppa jaget frå klokka og maskinen set me oss til rette sundag kl. 20.45. Det gjer godt for samvitet.

Uttøying


I fjor haust gjennomførte BBC sitt hittil største og mest hasardiøse operastunt. Midt i rushtida sat eit stort orkester på perrongen på Paddington jernbanestasjon i London - kor og solistar dukka opp over alt.
Dei framførte kjente operaariar, men denne gongen med ny tekst.
Ei spennande stunt som me kan få med oss sundag kl. 21.20 på NRK 2

Og må du, så må du. «Nytt på Nytt» kjem i reprise kl. 00.10 sundag.

LES MEIR NYNORSK I NESTE KLIKK:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og Drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving

Personvernpolicy