Bygdefolk vil vise underjordisk kulturskatt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre forskarar får sjå dei 3.000 år gamle holemåleria i Fingalshula i Nærøy, trass i at hola er den staden her i landet med flest holemåleri.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): No vil bygdefolket gjere noko med det.

Fingalshula strekkjer seg 123 meter inn i fjellet og vart undersøkt for første gong på 1960-talet.

Då fann folk frå Vitskapsmuseet 21 holemåleri. Nyleg vart det funne endå fleire.

Grunna mistanke om hærverk er hola stengt for folk flest, men no jobbar Gravvik Grendelag for å få lov til å vise fram hola for lokalbefolkninga og turistar under kontrollerte former.

Det er styresmaktene som til sist avgjer om publikum skal få kome inn og sjå på dei unike måleria, melder NRK Trøndelag. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: