Suksess for Folkelarm

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fem plateprisar vart delte ut under Folkelarm i Oslo.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gruppa Geitungen fekk Folkelarmprisen i open klasse/eksperimentell med slåttar frå Rogaland. F.v. Vidar S.B. Skrede, Olav Christer Rossebø og Håvard Ims. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Gruppa Geitungen fekk Folkelarmprisen i open klasse/eksperimentell med slåttar frå Rogaland. F.v. Vidar S.B. Skrede, Olav Christer Rossebø og Håvard Ims. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

Av Johanne Landsverk, Nynorsk Pressekontor

Folkemusikkens store bransjetreff er det første i sitt slag, og vart ein stor suksess.

Folkelarmprisen er også kalla ein «alternativ spelemannspris» med plateprisar i ulike klasser innanfor folkemusikk.

Ganske overraskande var det gruppa Geitungen frå Rogaland som fekk Folkelarmprisen i open klasse/eksperimentell med plata «Bra Kast», utgjeven på Grappa musikkforlag.

- Vi synest ikkje sjølve vi er særleg eksperimentelle, for alle låtane på denne plata er tradisjonelle slåttar frå Rogaland. Sant å seie har vi gjort vårt beste for å ikkje vere eksperimentelle.

Dette er rogalandsmusikk frå gamle arkivopptak som aldri har vore spelt inn før, og vi har fått god hjelp av produsenten Vegar Vårdal, seier tre glade artistar i Geitungen, Vidar S.B. Skrede, Olav Christer Rossebø og Håvard Ims.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Likevel er vi svært glade for å ha vunne akkurat denne klassen, i konkurranse med artistar som Nils Økland, Majorstuen og Gjertruds sigøynerorkester.

Bodil Haug frå Ål i Hallingdal fekk Folkelarmprisen i klassen for Årets soloplate, der ho syng skillingsviser og oppbyggjelege songar frå Hallingdal. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Bodil Haug frå Ål i Hallingdal fekk Folkelarmprisen i klassen for Årets soloplate, der ho syng skillingsviser og oppbyggjelege songar frå Hallingdal. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

Årets soloplate til Hallingdal


Folkelarmprisen for årets soloplate gjekk til Bodil Haug frå Ål i Hallingdal og plata «Snart lyset sig mon svinge», som er utgjeven av Etnisk musikklubb.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dette er skillingsviser og oppbyggjelege songar.

Det meste stoffet er henta frå gamle arkivopptak frå Ål i Hallingdal, fortel Bodil Haug.

På plata har ho med seg Ole og Knut Aastad Bråten frå Valdres som gjestemusikarar.

- Dei har laga arrangement på langeleik som er ganske nyskapande, seier ho.

Elles gjekk Folkelarmprisen for årets nykomar til «Søttenpassingen» av Einar Olav og Gjermund Larsen og prisen for årets samspelplate - tradisjonell gjekk til Nordafjells.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I klassen for årets dokumentasjon gjekk Folkelarmprisen til utgjevinga «Hardingfele», med arkivopptak av hardingfelespelaren Odd Bakkerud.


Gruppa Geitungen jublar over Folkelarmprisen. Vidar S.B. Skrede får sigerskysset av Olav Christer Rossebø. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)Gruppa Geitungen jublar over Folkelarmprisen. Vidar S.B. Skrede får sigerskysset av Olav Christer Rossebø. (Foto: Johanne Landsverk, NPK)

Suksess for bransjetreffet


Arrangørar og artistar var strålande nøgde med Folkelarm - arrangementet som vart arrangert på Fabrikken i Oslo.

På bransjetreffet vart det halde 37 småkonsertar, eller showcases, der artistane presenterte seg på sena.

- Eg har fått svært god tilbakemelding frå artistane. Formålet med Folkelarm er først og fremst å skaffe fleire jobbar til folkemusikkartistane i Noreg.

Her får artistane presentert seg for innkjøparar av folkemusikk, og målet har vore å samle heile folkemusikkbransjen på ein stad. Over tjue festivalar og innkjøparar har hatt stand under Folkelarm, seier prosjektansvarleg Frode Rolandsgard.

Han fortel at Folkelarm er eit stort løft for Landslaget for Spelemenn (LfS).

I år vart også Oslo-kappleiken arrangert i samband med arrangementet Folkelarm, og i dei to salane på Fabrikken var det stappfullt av folk både fredag og laurdag. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar: