Ukjent måleri frå bygdetulling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han såg underleg ut, han Nikolai Astrup.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aldri gjorde han skikkeleg arbeid, og bygdefolket i Jølster såg på prestesonen som levde frå 1880-1928 som ein bygdetulling.

Eit til no ukjent måleri av kunstnaren Nikolai Astrup dukkar no opp i USA.
Det kjem fram i ei ny bok om Astrup som Øystein Loge nyleg lanserte.

Astruphistorikaren synest oppdaginga er spennande. Forfattaren har ikkje sett biletet med eigne auge, men er sikker på at det er eit ekte og til no ukjent måleri av kunstnaren Nikolai Astrup.

Loge har i sitt arbeid med Astrup fundert over kva som har gjort denne kunstnaren så populær og folkekjær i Noreg dei seinare åra.

- Sjølv om vi er blitt aldri så urbane og internasjonalt orienterte, enten vi bur i byen eller på bygda, bind vi oss ofte til ei slik verd som den Astrup sine Jølsterbilete syner oss.

Eit enkelt liv i smålåtne og upretensiøse hus på landet, omgjeve av grøderik og målerisk natur, skriv Loge.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var å måle Nikolai Astrup ville, mens faren meinte han skulle utdanne seg til prest eller sorenskrivar slik forfedrane hadde gjort. Slik gjekk det ikkje og Nikolai fekk pengar av faren til å reise til hovudstaden. Men ikkje nok til å leve av.

Målaren og grafikaren Nikolai Astrup levde det meste av livet sitt i barndomsbygda Jølster, der han vigde livet sitt til naturen - som målar, som grafikar og som bonde og gartnar.

I si kunstfaglege framstilling har Loge også fletta inn den gripande og tidvis tragiske livssoga til kunstnaren.

Boka som kjem ut på Det Norske Samlaget inneheld heile 160 av Astrup sine mest sentrale måleri og tresnitt, og er utsyrt med fyldige register og kjeldetilvisingar.


Meir om Nikolai Astrup: