Mi TV-helg (2): Lassie og Guillou

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mi TV-helg blir inga lovprising av det store univers av spanande, underhaldande, skremmande, provoserande filmar og show som hender denne helga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lassie blir aldri eldre.Lassie blir aldri eldre.

Med berre NRK (og den kanalen betalar eg dyrt og motvilleg for) og TV2 - slik er det når TV-interessa er fråverande - blir utvalet sterkt avgrensa. TV og helg, hekkar dei i hop? Nei, ikkje denne helga.

TV-fri


Denne helga blir nær på TV-fri. Frå fredag til laurdag og langt ut på søndag så er det fleire mil til næraste TV-apparat. Skal ein ha TV-fri er det slik det må vere. Nå er ikkje dette noko mål i seg sjølv, men det finnes stader «der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu». Slike stader er sjølvsagt TV-frie. Dermed glepp Nytt på Nytt for meg på fredags kvelden, Lassie på laurdags morgon samt laurdagsrevyen på kvelden. Ordinært? Ja!

Lett amerikansk action.Lett amerikansk action.

Om medvitlause val


Søndagskveld plar eg å kople av. Det byrjar med TV2 nyheitene kl. 21.00. Deretter switchar eg fram og tilbake mellom mine to val. Blir det NRK eller TV2? Det eg ser etter, er ein god, men samstundes lett, amerikansk action-film. Då koplar eg av mellom ei aktiv helg og ei kommande travel veke.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tragedien


Dukkar det då opp noko fransk på NRK - då blir det TV2, nær sagt uansett kva dei sender. Ja, bortsett frå om det då skulle dukka opp noko finsk på TV2, då blir det NRK. Det kan sjølvsagt ende med tragedie - fransk på NRK og finsk på TV2! Slikt hender altfor ofte. Då blir det eder og galle og tidleg kveld. (Noko som faktisk er eit godt, og heilt greitt alternativ.)

Filmen Filmen "Ondskapen" er basert på Jan Guillou sitt liv.

Faktisk val


Denne helga blir det ikkje tidleg kveld. Norsk og svensk er alternativet. Det kan gå. NRK har tett program frå morgon til kveld med «Drømmefangeren» - årets innsamlingsaksjon.

På TV2 går den svenske filmen «Ondskapen» av Jan Guillou.

Filmen er basert på hans sjølvbiografiske bestselar. På mi jakt etter lett amerikansk action søndagskveld med val mellom to kanalar, fell valet på det som verkar nærast. Jan Guillou og «Ondskapen» kl. 21.45.


Fleire nynorsk-artiklar: