Full samling om 1.000 forsamlingshus

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Ungdomshus, grendehus, samfunnshus og kulturhus. Du finn dei i nesten alle byar og bygder over heile Noregs land.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Typisk forsamlingshus i bygde-Noreg. Folkets Hus i Aalvik i Hardanger. (Foto: Nils Seland, Norske Lagsbruk, NPK)Typisk forsamlingshus i bygde-Noreg. Folkets Hus i Aalvik i Hardanger. (Foto: Nils Seland, Norske Lagsbruk, NPK)

Av Arne S. Haugen, Nynorsk Pressekontor

Felles for nesten alle er at dei er organisasjonseigde, og at eldsjeler legg ned livsverk i dugnadstimar for å skaffe inntekter. No blir det hjelp å få. No er NOK kome på banen.

Nettverk for organisasjonseigde kulturbygg (NOK) vart stifta i juni år og representerer over 1.000 store og små kulturbygg over heile landet. I alt reknar ein med at det finst om lag dobbelt så mange store og små forsamlingshus i Noreg.

Bak NOK står fire organisasjonar. Folkets Hus Landsforbund, Landslaget for alkoholfrie samlings- og serveringsstader (LASS), Norges Velforbund og Norske Lagsbruk, som er tenesteapparatet for husa i Noregs Ungdomslag.

Det nyrestaurerte ungdomshuset i Skodje på Sunnmøre. Her har medlemmene personleg lagt ut over 300.000 kroner medan dei ventar på at spelemidlane skal bli utbetalt. (Foto: Nils Seland, NPK)Det nyrestaurerte ungdomshuset i Skodje på Sunnmøre. Her har medlemmene personleg lagt ut over 300.000 kroner medan dei ventar på at spelemidlane skal bli utbetalt. (Foto: Nils Seland, NPK)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Historisk

Det er historisk sus over samarbeidet som no tek form. Dei siste 100 åra har lokale lag og foreiningar knytt til desse organisasjonane bygd forsamlingshus i alle variantar.

Det dreiar seg om alt frå regionale kulturhus og konferansesenter til grendehus og ungdomshus. Og nesten utan unntak har det vore mogleg takka vere imponerande dugnadsinnsats.

- Dugnadsarbeidet og lagsånda har vore heilt avgjerande. Denne bygningsmassen representerer enorme verdiar samfunnsøkonomisk sett, seier leiaren i Norske Lagsbruk, Nils Seland til Nynorsk Pressekontor.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

No er det full samling i 1.000 norske forsamlingshus. Frå venstre konsulent Rune Håndlykken, forbundssekretær Morten Berntsen i Folkets Hus Landsforbund, administrativ leiar Einar Bjorbæk i Norges Velforbund og dagleg leiar Nils Seland i Norske Lagsbruk. (Foto: Arne S. Haugen, NPK)No er det full samling i 1.000 norske forsamlingshus. Frå venstre konsulent Rune Håndlykken, forbundssekretær Morten Berntsen i Folkets Hus Landsforbund, administrativ leiar Einar Bjorbæk i Norges Velforbund og dagleg leiar Nils Seland i Norske Lagsbruk. (Foto: Arne S. Haugen, NPK)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Betre rammevilkår

Målet for NOK er å styrke rammevilkåra for alle desse forsamlingshusa og dei som gir vekk gratis dugnadsinnsats i år etter år for å halde husa i hevd.

Spleiselaget mellom dei fire organisasjonane skal etter planen resultere i eit krafttak for å skaffe meir offentlege midlar til «dei 1.000 forsamlingshus».

- Frivillig innsats er ein kjemperessurs for samfunnet. Men statlege tilskot til slike hus har stått stille i årevis, seier Rune Håndlykken, frittståande konsulent og rådgjevar som NOK har engasjert til å arbeide politisk overfor Stortinget og Regjeringa.

- Dei siste tre åra har løyvingane vore på mellom 43 og 47 millionar kroner. Medan idretten har fått ein stadig større del av tippemiddelkaka, har løyvingane til kulturbygg stått stille. Det har vore svært lita «urban forståing» for dette saksområdet, seier Rune Håndlykken.

Tidlegare vart tippemidlane som regel delte etter nøkkelen 1:3. Ein del til kulturbygg og tre til idrettsbygg. Dei seinare åra har dette gradvis endra seg i idrettens favør, slik at det no er snakk om ei fordeling varierande frå 1:12 til 1:16. I Hordaland var det eksempelvis tre millionar til kulturbygg i fjor, medan idretten stakk av med 65 millionar.

- Men vi reknar med at den nye regjeringa kjem til å ha eit anna syn på dette. Det er heldigvis ingen ting som tyder på at dei raudgrøne har skifta meining. Dei har tidlegare sagt at støtte til kulturbygg skal gjevast etter dei same kriteria som støtte til idrettsbygg. Vi reknar med at dei står ved dette også no når dei har fått regjeringsmakt, seier Rune Håndlykken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rådgjeving


Ved sida av å drive aktiv politisk lobbyverksemd, satsar NOK også på at samarbeidet skal resultere i praktiske tilbod til lag og foreiningar.

- Vi tenkjer oss alt frå innkjøpssamarbeid til juridisk rådgjeving, seier Nils Seland. - Rådgjeving vil vi dessutan tilby innan alle område, frå byggjearbeid til arrangementstekniske spørsmål.

NOK vil også kunne tilby kurshaldarar innan eit vidt spekter av saksområde.

- Dugnadsånda betyr like mykje i dag som tidlegare, seier Håndlykken. - Men dei som lukkast best er dei som har klart å organisere arbeidet skikkeleg. Her skal dei få hjelp av NOK.

Husdatabase

Det er Nils Seland og Norske Lagsbruk som er sekretariat og koordinator for arbeidet i NOK. På nettadressa www.kulturbyggnett.no er det nye samarbeidsorganet presentert.

Her ligg også «Husdatabasen», som er under oppbygging. Dette skal bli ein presentasjon av alle dei vel 1.000 forsamlingshusa som NOK-arbeidet representerer. Med bilete og faktaopplysningar. Førebels er det noko over 100 hus å kikke på.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Opne for alle

- Det er viktig å hugsa på at dette ikkje er «klubbhus» for spesielle aktivitetar. Alle husa er opne for alle som vil bruke dei. At dei blir oppgraderte og haldne i orden er nøkkelen til å ta vare på bygde- og grendetradisjonane, seier Nils Seland.

- Forsamlingshusa har vore og er framleis ein heilt nødvendig føresetnad for samfunns- og kulturbyggjande aktivitet. Forsamlingshuset er eit samlande «lim» i lokalsamfunnet. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: