Tilset helst ordblinde

(NPK): Direktør Nikolai Malling i Olympus Norge er ordblind og tilset helst dyslektikarar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.innsida.no)(Foto: www.innsida.no)

- Det bør fleire gjera. Dei er dei dyktigaste, mest kreative og arbeidssame medarbeidarane eg har, seier Malling til Aftenposten.

- Eg har 40 tilsette. Fire av dei er ordblinde og eg vil gjerne ha fleire, seier han, og forklarer det med at ordblinde har måtta overvinne så mykje motstand på vegen at dei tør meir enn andre og har vorte flinkare til å finne alternative løysingar.

- Det er mykje vanskelegare å finne folk med mot og kreativitet enn folk med fine papir utan skrivefeil. Eg vil ikkje ha ordblinde økonomisjefar eller omsetjarar, men elles kan vi klare alt, seier Malling.

Etter kriterium i OECD les 33 prosent av vaksne nordmenn for dårleg til å meistre krava i arbeidslivet. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:




Personvernpolicy