Meny

Seterprisen til fransk sogning

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Årets seterpris går til dagleg leiar i Norsk Gardsost, Pascale Baudonnel, fra Undredal i Sogn.

(Foto: Pascale Baudonnel)(Foto: Pascale Baudonnel)

Baudonnel får prisen for sin ekstraordinære innsats for å fremje produksjon og omsetnad av norsk tradisjonsost, og for å ha gjeve ostane av upasteurisert mjølk ein fortent plass i dagens matkultur.

Det var 15 kandidatar nominert til prisen, men ein skilte seg ut, heiter det i grunngjevinga frå Det Kgl. Selskap for Norges Vel, som deler ut den årlege prisen.

- Pascale Baudonnel står
i ei særstilling blant kandidatane, heiter det i grunngjevinga.

- Ho har halde kurs i ysteteknikk for mange av dei andre kandidatane.

Historia hennar er i seg sjølv eit eventyr om den franske jenta som kom til Undredal og Aurland og fann både kjærleiken og livsoppgåva med foredling av stølsmjølk frå geit og ku til dei finaste ostar i norsk matkultur.

- Av og til må det ein utlending til for å sjå verdiane vi har her heime, og Pascale er ein særs verdig vinnar av Seterprisen 2005, heiter det. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus