35 000 for nynorsk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kjende og ukjende folk frå heile landet har kasta seg inn i kampen mot nynorskforbodet i hovudstadsavisene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Over 35 000 har hittil skrive under oppropet mot nynorskforbod i hovedstadsavisene.Over 35 000 har hittil skrive under oppropet mot nynorskforbod i hovedstadsavisene.

Norges Mållag starta ein underskriftskampanje på landsmøtet sitt i april.

Oppropet «Slepp nynorsken til! Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG!» var ein protest mot at VG og Dagbladet ikkje tek inn redaksjonelt stoff skrive på nynorsk.

Leiar i Noregs Mållag, Steinulf Tungesvik. (Foto: www.nm.no)Leiar i Noregs Mållag, Steinulf Tungesvik. (Foto: www.nm.no)

Førstkommande laurdag blir kampanjen avslutta med brask og bram på Det norske teateret i Oslo.

Då vil leiar i mållaget, Steinar Tungesvik, overrekke over 35 000 underskrifter til redaktørane av dei to avisene.

Responsen på underskriftskampanjen har vore heilt overveldande, og ei rekkje kjende og mindre kjende forfattarar, forlagsfolk, kulturarbeidarar, journalistar, musikarar, politikarar, studentar og nynorskingar flest har strøymt til for å støtte oppropet.

Forfattar Olaug Nilssen underheld, og Guro Gravem Johansen syng nynorsk jazz på tilstellinga, som er ope for alle.

Og viss du enno ikkje har skrive under, så har du enno sjansen, på: www.nm.no/sleppnynorskentil/


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk