Dialekt på nettet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Er bygdekulturen berre folkemusikk og fele? I Setesdal er dei opptatt av å løfte fram dialekten som ei viktig kulturkjelde. No har Valle- og Hylestaddialektane fått sin eigen nettstad.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tek ein fram fela blir det rekna som ein viktig del av bygdekulturen i Setesdal.

Talemålet har ikkje hatt same status, seier Sigurd Brokke og Sigurd Jore som har stått sentralt i eit prosjekt for å løfte statusen til Valle- og Hylestad-dialektane.

Målet er sett under press, og eldsjeler i Valle mållag har i ein treårsperiode arbeidd for å etablere eit elektronisk hjelpemiddel for å styrkje dialekten sin plass i lokalsamfunna.

Mange former er på veg ut og stadig fleire er usikre på rett bruk av dialekten.

- Interessa for språk gjorde at me tok i fere med dette store dugnadsarbeidet, seier Sigurd Brokke, som til dagleg er vaktmeister i kommunen.

Eit titals personar starta med eit omfattande ordinnsamlingsarbeid hausten 2002. Talemålsgruppa som blei etablert skreiv ned ord og uttrykk innanfor Valle- og Hylestadmålet, og dei har sålangt det går skilt formene mellom desse.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

 Valle- og Hylestaddialektane har no fått sin eigen nettstad. (Foto: Einar Schibevaag) Valle- og Hylestaddialektane har no fått sin eigen nettstad. (Foto: Einar Schibevaag)


Status


No håper dei at arbeidet kan skape ei auka interesse for dialektane i kommunen slik at dei og vil bli brukt i komande generasjonar, fortel Jore.

Representantane for Valle mållag ynskjer at talemålet skal vere ein viktig del av setesdalskulturen, og dermed ein positiv identitetsfaktor også framtida, slik folkemusikken er det.

Eigentleg er folkemusikken sin plass i Setesdal liten samanlikna med dei mange dialektbrukarane, meiner Brokke, og trur at prosjektet deira kan heve statusen slik at fleire ser verdien i dialektane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I skulen

Brokke meiner at skulane og barnehagane med dette verktøyet kan få eit godt hjelpemiddel når undervising i språkog lokal kultur står på timeplanen. Det er i prosjektet lagt stor vekt på grammatikken si rolle i dialekten, noko som truleg vil gjere stoffet ekstra nyttig til bruk i utdaningsinstitusjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nettet


Då prosjektet starta opp var målet ei publisering på internett eller i bokform. Internett vart vald i første omgang, men håpet er og å få ein bokversjon.

-Vidare gir nettet oss nye moglegheiter med å bruke tekst, ord og bilete og dermed knyte orda både til uttale og bilete.

Siste generasjon?


Brokke og Jore meiner at den yngre delen av talemålsgruppa truleg er den siste generasjonen som får oppleve dalemålet i kvardagsleg bruk i si noverande form. Arbeidet vårt vil i alle høve gjere talemålet meir tilgjengeleg for komande generasjonar.

Frå botnen av


Bjørgulv Holen og Vidar Strisand har utvikla nettstaden, teknisk og grafisk, frå botnen. Til liks med alle som har vore involvert i prosjektet har alt arbeid vore uløna for å kome der ein er i dag:

Ikkje heilt ferdigstilt, men på god veg til å presentera mest 5000 ord på www.vallemal.no. Den 13. oktober opna nettstaden sjølv om den ikkje er heilt ferdig. Men det kjem tydeleg fram kva for ord redaksjonen har sluttført arbeidet for.

Les meir her:
www.vallemal.no



Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk