Meny

Mi TV-helg (1): For ein kabel!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er ikkje alle gitt å ha ein kabel i veggen eller tallerken på taket. Nokre av oss har hus på skuggesida, og må nøye oss med dei fire store norske når TV-helga set inn.

(Foto: Frå filmen «Lost in translation»)(Foto: Frå filmen «Lost in translation»)

Men graset er truleg grønare på andre sida av gjerdet, og eg har etter kvart utvikla det å shoppe i utvalet på andre uoppnåelege kanalar til ein sport.

Under fanearket «Å - eg skulle ønske eg hadde parabol», har eg lagt inn denne ønskelista:

Music - Maestro!


Fredag kveld er vanlegvis reservert gullrekka til NRK, men eg ser at Nytt på nytt kunne fått ein sterk konkurrent i MTV Live.

Coldplay klokka 21 og Alanis Morisette ein halvtime etterpå, må seiast å vere ein rimeleg god start på helga. Passar godt saman med fritert sjømat og kald pils.

Eg vurderte forresten Saunders og French til same tid på BBC, men musikken vann på overtid. Seinare på kvelden freistar heller eit gjensyn med feminist-sketsj-showet Smack The Pony som for tida går på DR2.

Trasige ekteskap og fruktige kyss


Etter ein lettliva fredag, kan resten av helga gjerne vere noko seriøs. Filmen «Sylvia» med Gwyneth Paltrow i rolla som Sylvia Plath går på Canal+ litt halvseint på laurdagskvelden.

Plath har dessverre vorte meir kjend for at ho tok livet av seg enn for sine litterære bragder, men eg har likevel lyst til å sjå i kva grad Hollywood (og Paltrow) har klart å gjera noko fornuftig ut av denne kvinna sin skjebne.

Den noko underlege, og rett så artige, boka «Ikke bare appelsiner» av Jeanette Winterson kom ut i 1985. Det var første gongen eg for min del las ei bok kor to jenter som kyste berre var eit slags underliggjande tema og ikkje ein tabloid sensasjon.

Tjue år seinare er forfattaren gjest i K special på svensk TV2, og det kan vere eit interessant møte.

Nightcap: Bill Murray


Runde av helga må ein jo gjere: «Lost in Translation» går på Canal+ Film2 søndag kveld. Berre for den filmen aleine kunne eg ønska meg ein stygg rund dings hengjande på husveggen. Anyone?

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus