Kva språk snakkar studentane?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skal framtidige legar snakke om appendix eller blindtarmen når dei møter pasientane sine?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag vert det forventa at studentar og tilsette på universitet og høgskular skal lese, skrive og snakke engelsk, og fagterminologi vert ofte innlært på dette språket i staden for på morsmålet.

I 2000 synte ein rapport at 70% av publiserte arbeid frå universitet og høgskular i Noreg var på ikkjenordiske språk, i praksis stort sett engelsk.

I 2002, i samband med den såkalla internasjonaliseringa av norsk utdanning, vart Universitetslova endra, slik at det ikkje lenger er eit krav om at undervisinga skal gå føre seg på norsk. Språkrådet sette seg i mot dette vedtaket, og håpar no at den nye regjeringa vil ta opp saka igjen.

Det må vere mogleg å både vere istand til å lese og skrive om faget sitt på engelsk, og å utvikle og bruke norske termar, meiner Jan Olav Fretland. (Foto: Norsk Plan)Det må vere mogleg å både vere istand til å lese og skrive om faget sitt på engelsk, og å utvikle og bruke norske termar, meiner Jan Olav Fretland. (Foto: Norsk Plan)


Strategiplan
Jan Olav Fretland sit i interimstyret for det nye Språkrådet, og er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Sogn og Fjordane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han er med på å utarbeide ein strategiplan for norsk språk, som vert presentert på ein konferanse i Bærum i slutten av oktober.

Fretland er svært oppteken av at det på alle fagområde i samfunnet skal vere ei plikt å ha ein norsk fagterminologi.

Fagmiljøa må ha eit ansvar for å utvikle denne terminologien.

Parallellspråklegheit


På mange område er ein nøydd til å skrive og snakke engelsk, for å få fram det ein driv med i utlandet. Her er Fretland oppteken av parallellspråklegheit.

- Det må vera mogleg å både vera i stand til å lesa og skriva om faget sitt på engelsk, og å utvikle og bruke norske termar. Eit døme frå Finland syner ein måte ein kan sikre at dette vert gjort.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Samandrag på morsmålet


Finske master- eller doktoroppgåver som vert skrivne på framandspråk, må ha eit samandrag på finsk. Slik vert ein nøydd til å skrive dei viktige faguttrykka også på morsmålet.

Fretland er også oppteken av kundane, elevane, pasientane og ålmenta
som akademikarane skal kommunisera med. - Desse er for ein stor del norskspråklege, og ein bør kunne formidle ferdigheitene og kompetansen sin til dei på norsk.

For legar, til dømes, er det heilt avgjerande å kunne snakke med pasientane, ikkje berre om appendix, men om blindtarmen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vibeke Andrea Tellmann, doktorgradsstipendiat i filosofi ved Universitetet i Bergen, skriv avhandlinga si på norsk.Vibeke Andrea Tellmann, doktorgradsstipendiat i filosofi ved Universitetet i Bergen, skriv avhandlinga si på norsk.

Tenkjer best på norsk

Vibeke Andrea Tellmann, doktorgradsstipendiat i filosofi ved Universitetet i Bergen, skriv avhandlinga si på norsk.

-Det vert forventa at ein skriv på engelsk, og dei fleste gjer det. Det er jo
også praktisk med tanke på fagmiljø utanfor Noreg, som ein må forhalde
seg til.

- Men i denne forventinga synast det å liggje ein idé om at det er vilkårleg kva språk ein uttrykkjer seg på, og det er eg slett ikkje einig i.

- Språket er ein viktig del av prosessen ved å tenkje, og eg tenkjer jo heilt klart best og friast når eg nyttar morsmålet mitt.

Det er sjølvsagt naudsynt å lære seg og kunne bruke dei engelske faguttrykka, men dette språket vert eit spesifikt fagspråk som berre kan nyttast innanfor fagfeltet. Det vert ikkje tilført så mykje frå språkverda utanfor faget.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nyansert og interessant

Tellmann meiner at ved å skrive på norsk, vert tekstane meir nyanserte og meir interessante, fordi ein ikkje berre har det tillærte fagspråket, men heile det norske språket å spele på.

- Slik utviklar vi det norske akademiske språket. Så kan vi heller oversetje tekstane, og snakke om dei på engelsk.

Fleire nynorsk-artiklar:
Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar