Meny

Sms-tv har blitt ein viktig debattarena

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): - Sei di meining, send oss ein sms, oppfordrar tv-vertar i alle kanalar. Men sms-tv er meir enn forstyrrande bokstavar som svirrar over skjermen. Det er faktisk allereie blitt ein viktig debatt

Av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor


Medieforskar Espen Ytreberg (Foto: Universitetet i Oslo, NPK)Medieforskar Espen Ytreberg (Foto: Universitetet i Oslo, NPK)

Irriterande? Det er berre å bli vant til det: sms-tv er her for å bli, ifølgje medieprofessor Espen Ytreberg ved Universitetet i Oslo.


- Sms-teknologien er faktisk allereie blitt ein viktig debattarena, i den forstand at publikumsrespons via sms no blir regelmessig prioritert både i debattprogram og i andre typar program der folk kan si meininga si, fortel Ytreberg til Nynorsk Pressekontor.

Han meiner det er viktig å sjå sms-teknologien i samanheng med andre typar responsretta teknologi som det blir satsa på, som til dømes e-post, og såkalla «blogging» og «chatting» over Internett. Professoren leier eit stort forskingsprosjekt som går på teknologi i media og publikums deltaking.


Alder er overvurdert

- Ei sms-melding er som regel kort. Kan ein i det heile teke seie noko meiningsfullt med så få ord, som kan bidra til ein fornuftig debatt, Ytreberg?

- Det er openbert grenser her for kor komplekse resonnement ein kan kome med. Men det oppfattar eg som ein nokså generell problematikk i dagens fjernsyn. Det blir kappa i intervjuutsegn i nyheitene også, sjølv statsministerens meining blir jo av og til delt opp i berre ein setning eller to, seier medieprofessoren.

- Dei som siler tekstmeldingane i slike sms-baserte tv-program sit i ein maktposisjon, seier medieforskar Espen Ytreberg. (Foto: Anders Malm, NPK)- Dei som siler tekstmeldingane i slike sms-baserte tv-program sit i ein maktposisjon, seier medieforskar Espen Ytreberg. (Foto: Anders Malm, NPK)


- Den «eldre garde» klagar ofte på at det er forstyrrande med sms-meldingar som rullar over tv-skjermen. Har dei unge betre føresetnader for å sile mykje informasjon på ein gong?

- Eg kjenner ikkje til undersøkingar av toleranse- eller emnenivået i samanheng med visning av tekstmeldingar. Generelt har eg ei kjensle av at alder blir overvurdert. Men her er det mange meiningar ute og går, lite konkret kunnskap, fortel Ytreberg.

Frå mottakar til deltakar

- Tradisjonelt har tv-titting gjort sjåarane til passive mottakarar og observatørar. Kva har sms-tv gjort med tv-titting?

- Tv-sjåarane blir deltakarar. Interaktivitet forandrar dette på iallfall to interessante måtar: Deltaking gjer publikum til ein bidragsytar til programmet. Og interaktivitet gjer deltakinga til ei storhending for dei som sendar inn tekstmeldingar.

- Kven er dei største brukarane av sms-tv?

- Dei førebelse data vi har, tyder på at ungdomsgruppa er i overtal, men at vaksengruppa også er betydeleg. Inntrykket som ein kan få i media, om at brukarane er avgrensa til ei lita gruppe ungdommar som blakkar seg på å sende masse meldingar, er nok ikkje dekkjande, trur professor Ytreberg.

Lisensfinansiert sms-tv

- NRK er ein lisensfinansiert allmennkringkastar. Ser du noko problematisk i at dei tener gode pengar på sms-tv?

- Dei fleste tv-stasjonar - også NRK - vil nok sjå at det ligg moglege konfliktar i det å ha lisens og det å vere ein kommersiell aktør. Når det gjeld uttrykket «gode pengar», veit eg ikkje om NRK ville gå med på at dei tener så mykje på desse tenestene. For oss forskarar er det ikkje lett å få tilgang til slike tal.

- Til slutt: I kva retning trur du sms-tv kjem til å utvikle seg?

- Korleis utviklinga kjem til å gå, veit tv-sjefane mykje meir om enn meg. Som på alle andre arenaer for offentleg diskusjon og meiningsytring, er utviklinga avhengig av på kva måte media sjølve legg til rette for diskusjon. Prisen dei tek er viktig. Kriteria for kva for meldingar som skal bli sensurert er også viktig, seier medieprofessor Espen Ytreberg ved Universitetet i Oslo.


NRK:- Det er butikk

Dagleg leiar i NRK Aktivum, Bjørn Surke, fortel at mobiloperatørane stikk av med ein stor del av inntektene frå tekstmeldingar som tv-sjåarane sender inn.

- Ein tommelfingerregel er at mobiloperatøren skal ha ein tredel av inntektene. Innhaldsleverandøren til mobiltenestene, det er dei som eig nummeret ein sender meldinga til, som til dømes 1987, 1999 og så vidare. Desse skal og ha ein tredel av inntektene. Akkurat kor stor del av dette NRK får, kjem an på kor god ein er til å forhandle, fortel Surke til Nynorsk Pressekontor.

Han vil ikkje gå ut med kor mykje NRK tener på desse mobiltenestene, men han stadfester det er ein god sum.

- Føremålet med desse inntektene er at dei skal gå attende i produksjon av tv og radio. Vi får laga betre program enn vi elles ville ha gjort, samtidig som vi får verdifull respons frå tv-sjåarane, seier Surke.

I 2004 førte NRK Aktivum tilbake heile 85 millionar kroner til morselskapet NRK. NRK Aktivum har ansvar for forretningsverksemda til NRK og tilbyr eit breitt spekter av varer og tenester, til dømes sal av DVD-filmar, diverse NRK-produkt og mobiltenester. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk

- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus