Meny

5.000 kroner for å høyre Secret Garden

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Gruppa Secret Garden avsluttar turneen sin i Noreg med konsert i Bergen 9. oktober. 20 billettar vert lagt ut for sal til 5.000 kroner stykket, skriv Bergens Tidende.

(Foto:secretgarden.no)(Foto:secretgarden.no)

Konserten vert halden i Kalfarhuset, ein stad der kriminelle og rusmisbrukarar kan møtast.

Konsertlokalet har berre plass til 50 personar og 30 av plassane er reservert til faste brukarar i huset. Resten av plassane vert lagt ut for sal til 5.000 kroner per billett. Målet er å få inn pengar til drift av huset.

Det er bedrifter og organisasjonar som får tilbod om å kjøpe billettar.

Rolf Løvland og Fionnuala Sherry i Secret Garden spelar gratis, medan to andre musikarar dei har med seg får litt betalt. (NPK)

Secret Gardens heimeside Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar




Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus