Kringkastingsprisen til Are Kalvø

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Are Kalvø er tildelt Kringkastingsprisen 2005. På høg tid vil nok mange meine, ettersom prisen årleg blir delt ut til ei røyst som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn og nyttar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Are Kalvø, vinnaren av Kringkastingsprisen 2005. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Are Kalvø, vinnaren av Kringkastingsprisen 2005. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

For slik sett er Kalvø sjølvskriven til denne prisen, ettersom han har synt for alt folket at det går an å bruke nynorsk i dei fleste samanhengar, ikkje berre i dikt, eller som styreleiar Unn Aarrestad sa ved tildelinga;

-Skyr ingenting


- Are Kalvø er ein av dei fremste nynorskbrukarane i NRK. I satireprogrammet «Hallo i uken» har han vore med på å forma satiresjangeren og gjort han til sin eigen. Slik har han slått an i vide krinsar og vorte ein folkekjær humorist som skaper nye rom for nynorsken.

Kalvø har humor, glimt i auga og vi kjenner snerten hans. Han skyr ingen og ingenting, trekkjer fram og harselerer med samfunnsforhold og samfunnstoppar. Kanskje nokon kvar kan vera glad for ikkje å vera statsminister.

Men Kalvø morer, overraskar, forskrekkar av og til, og nynorsken spreier han til nye grupper der språket ikkje elles står så sterkt. Det er mange som skruvar på radioen for å høyre akkurat på deg, sa Aarrestad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


-Kjempar ingen kamp


(Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)(Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

Are Kalvø (36) er frå Stranda på Sunnmøre. I tillegg til å vera programleiar i vekemagasinet «Hallo i uken» på NRK P2 og attradioen, er han spaltist i Dagsavisen og Bergens Tidende. Han har skrive fleire bøker, og debuterte i fjor som skjønnlitterær forfattar med boka «Nød». For tida er han aktuell med revyen «Det folk vil ha» på Det Norske Teatret.

Kalvø gav i takketalen uttrykk for det overdådige i å få pris for eit arbeid han trivst så godt med, og for ein språkbruk som er den einaste naturlege for han.

- For ein skal vel eigentleg slite litt for ein pris. Eg gjer berre det eg likar aller best. Og når eg brukar nynorsk og dialekt så kjempar eg ingen kamp. Eg er så heldig å kunne bruke mitt eige språk i oppgåver eg stortrivst med, og lever dermed eit luksusliv, sa Kalvø.

Han ville dele æra med dei som gjer det mogleg for han å bruke sitt eige mål - nemleg proffe folk i NRK, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget, sa han. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar