Meny

Om grafsejournalistikk i nyslakta samfunn

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Ein unggut i Odda har kjørt i elva og drukna. Er han pressa ut av ungdom frå asylmottaket? Folk har registrert tilløp til krangling mellom heimevernsguten og ungdom frå mottaket.

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

(Samlaget.no)(Samlaget.no)

Teften av eit rasistisk motivert mord lokkar journalistar frå storaviser og fjernsyn til Odda, der det elles er «stillare enn Memphis etter Elvis», fordi dei jamne pulsslaga frå smelteverket har tagna.

Dette er miljøet og opptakta til hendingane i den nye romanen «Flytande bjørn» av Frode Grytten.


Forbruksmateriell for pressa


- Du har dårlege røynsler med Oslo-pressa?
- Er eg for hard, synest du? Eg har sjølv vore journalist i mange år, og sett både frå innsida og utsida korleis journalistar samlast i flokk, sirklar inn små miljø, lagar sine historier og forsvinn. Jobben burde vera å skildre saker og miljø slik det verkeleg er.

For verda er kompleks - ikkje berre vakker eller stygg, og folk er ikkje enten heltar eller skurkar. Men journalistane utanfrå nærmar seg gjerne småmiljøa med eit felles verdisystem, og får oftast stadfesta fordommane sine.

Når historia er bestemt på førehand, finst det alltids nokon som har eitt eller anna å fortelja som kan forsvare teorien. For folk flest kan ikkje dette spelet. Mange kjem i avisa eller på fjernsynet berre den eine gongen i livet.

Dei ser ikkje konsekvensen og endar opp som forbruksmateriell for pressa. Den profesjonaliserte journalistikken har fått hegemoniet og har øydelagt også for dei journalistane som vil gjera ein grundig jobb, seier Grytten.

Hjarteslaget borte


Men hovudpersonen i romanen «Flytande bjørn», journalisten Robert, kjenner småbysamfunnet og trekkjer ikkje kjappe konklusjonar av det som skjer. Grytten fortel mykje mellom linene.

- Robert er ein rebell, men motstanden hans ligg under i teksten. Eg vil ikkje at han skal hamre laus med sinnet sitt over det han ser. Robert gjer alltid det motsette av det ein ventar, og er vel ganske irriterande. Han får ikkje dei store oppslaga, og jobben heng i ein tynn tråd på same måten som lagnaden for heile Oddasamfunnet, seier Grytten.

- For boka «Flytande bjørn» handlar om ei medviten slakting av ein stad, og den manglande politiske viljen til å sjå det og gjera noko med det, seier Grytten. Han er fødd i 1960 og voks opp ved sida av smelteverket i Odda. No bur han i Bergen, men hjarta bankar taktfast for Odda-samfunnet.

- Eg har i alle år høyrt på gnissinga som oppstår når råmateriale til verket blir frakta i taubane frå fjorden til anlegget og sleppt i kjempestore lager. Den svusj-lyden som kom kvart halve minutt var det jamne hjarteslaget til Odda. No er hjarteslaget borte, og det er så stilt, så stilt, seier Grytten. I boka blir stilla i Odda skildra som Memphis etter Elvis.

- Smelteverket var arbeidsplassen for cirka 500 i stordomstida på 60-70-talet. No er verket gradvis nedbygd og ligg som ein krigsruin eller øydemark, fortel Grytten.

- Var ikkje Odda ein turiststad, og kan bli det igjen?
- Odda er jo hovudstaden i Hardanger, og ein gjev turiststad til industrien tok over i 1905. Men då det for nokre år sidan var spørsmål om framtida for Odda, var ryggmergsrefleksen til dåverande statsråd Viktor Normann at Odda må greie seg sjølv. Det var lite hjelp å hente. Det har med den nøytrale næringspolitikken vår å gjera.


Symbolpolitikk


- Handlinga i boka kunne kanskje like gjerne vore lagt til Skien og Union ?
- Gjerne det, skilnaden er at Odda ligg så mykje lenger unna Oslo, så det var ikkje så lettvint for politikarane å kaste seg i bilane og dra dit. Ikkje var det val-år heller. Men det politikarane fekk demonstrert i Skien var avmakta si - at dei har mista styringsretten og berre driv symbolpolitikk.

Forfattaren Frode Grytten er sterkt samfunnskritisk i den nye romanen «Flytande bjørn». (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Forfattaren Frode Grytten er sterkt samfunnskritisk i den nye romanen «Flytande bjørn». (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

Makta er andre stader. Vi har to sentrale parallelle saker i vår tid. Den eine er nedbygging av grenser og murar for å kunne etablere næringsverksemd i utlandet, helst flytte bedrifter til fattige land med låge løner og ingen fagforeiningar. Det andre er å etablere grenser for at ikkje fattige folk utanfrå skal kunne koma hit og skape seg eit verdig liv.

- Eit rikt land som Noreg kunne vore raust og gjort noko viktig både innanlands og utanlands. Men vi gjer berre det som gjer oss rikare. Gapet mellom privat rikdom og offentleg fattigdom aukar stadig. Aldri har vi hatt fleire store hus, bilar, båtar, sprøytenarkomane og tiggarar.

Kommunane blir sveltefora, slik at bad blir stengde og mange skolar ikkje lenger kan tilby svømmeundervisning til ungane. Skulebygningar forfell, og gode biblitoteksordningar er ikkje sjølvsagde lenger alle stader. For eigen del må eg seia at eg aldri hadde vorte forfattar om eg ikkje hadde hatt biblioteket i Odda, seier Grytten.

Bikubesong på åtte språk


- Du skriv helst om Odda i bøkene dine ?
- I den første delen av forfattarskapet skreiv eg om andre delar av vestlandet. Men når ein har vokse opp ein stad, formar det ein både i tankar og språk og avteiknar seg sjølv om ein skriv om andre stader. Det var først i «Bikubesong» at eg gjorde eit forsøk på å skrive eit portrett av Odda, seier Grytten.

Forsøket var så vellukka at teaterstykket som byggjer på boka har vore spela på Det Norske Teatret frå 2003, og blir spelt vidare i haust og frå neste haust. I 2006 blir det sett opp på Den Nationale Scene i Bergen, og det blir oppført ved nasjonalteateret i Beijing. Boka er omsett til åtte språk.

- Eg spurde ein tysk forlagsredaktør korleis ei historie frå eit lite norsk vestlandssamfunn kunne interessere folk i Tyskland. Han svara at for meg er ikkje desse folka frå Odda, dei er frå Berlin, fortel Grytten, som maktar å skildre det allmenne og universelle i bøkene sine.

- Eit press å følgje opp suksessen ?
- Eit press, ja vel, men suksess skaper også moglegheit til lettare å nå lesarane med neste bok. Ingen intervjua meg om Bikubesong, men boka lurde seg innpå og skapte seg eit rom sjølv, seier Grytten, som er glad for å ha sett det endelege punktumet for den flytande bjørnen.

- Boka er mørk og dyster. Eg har levd med henne i tre og eit halvt år, og lengtar etter å skrive noko lysare. Undervegs i arbeidet voks det fram nye idear. Alt er oppe i hovudet og eg gler meg til å ta fatt, seier Grytten, som skriv på eit leikande lett nynorsk.

- Eg gjekk i bokmålsklasse I Odda, og bokmålet var skriftmålet mitt til eg var 20 år. Men då eg tok til å skrive for alvor, vart eg meir medviten på språket, og ville bruke eit språk som låg tett opp til det muntlege med den energien og det fandenivoldske som ligg i det. Då måtte det bli nynorsk, som ikkje er hengt opp i dei faste vendingane å skildre verda på, seier Grytten. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar





Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus