Meny

Vil ha riksscene for folkemusikk på Grünerløkka

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Den planlagde riksscenen for folkemusikk og folkedans bør lokaliserast til kulturkvartalet som er under planlegging i Schouskvartalet på Grünerløkka i Oslo. Det foreslår eit utval som har til o

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Riksscenen for folkemusikk og folkedans blir ein viktig og nødvendig institusjon for eit veksande profesjonelt miljø av utøvande kunstnarar i heile landet, meiner utvalet. Her representert ved juniordansarar frå Ål Spel- og dansarlag i aksjon på landskappleiken i sommar. (Foto: Arne Sigurd haugen, NPK)Riksscenen for folkemusikk og folkedans blir ein viktig og nødvendig institusjon for eit veksande profesjonelt miljø av utøvande kunstnarar i heile landet, meiner utvalet. Her representert ved juniordansarar frå Ål Spel- og dansarlag i aksjon på landskappleiken i sommar. (Foto: Arne Sigurd haugen, NPK)

Utvalet, med kultursjef Maria Høgetveit Berg i Ål som leiar, har brukt våren og forsommaren til å vurdere forskjellige plasseringar av ei riksscene for folkemusikk. No er konklusjonen klar for Grünerløkka.

Byrådet i Oslo har nettopp lagt fram forslag til budsjett for komande år, og gått inn for at kommunen aktivt skal bidra til å etablere eit kulturkvartal i tidlegare Schous bryggeri, med opplevingssenter for pop og rock, øvingslokale for musikk i Vørterhuset, nasjonal folkemusikkscene, lokale for Bårdar danseinstitutt og Oslo musikk- og kulturskole.

Publikumsgrunnlaget


Utvalet for folkemusikkscenen grunngjev valet med at Schouskvartalet er sentralt plassert i ein del av Oslo der publikumspotensialet er stort, både når det gjeld norsk folkemusikk, folkemusikk frå andre land, og eit ungt musikkinteressert publikum, generelt sett.

Utvalet peikar også på verdien av å kunne samlokalisere fleire institusjonar i det same kvartalet, både med tanke på stordriftsfordelar og eit eventuelt samarbeid om administrative oppgåver. Og ikkje minst kan det liggje til rette for å skape eit miljø for kontakt over sjangergrenser og mellom ulike kunstnarleg uttrykk.

Det blir presisert at det ikkje dreiar seg om å byggje endå eit prangande kulturhus i Oslo, men om å etablere ein viktig og nødvendig institusjon for eit veksande profesjonelt miljø av utøvande kunstnarar innanfor folkemusikk og folkedans i heile landet, innvandrarmiljøa inkludert. Det skal også byggjast opp eit sjangertilpassa produksjonsmiljø.

Målet er at riksscenen skal bli ein nasjonal overbygning for profesjonalisering og kunstnarleg utvikling av folkemusikk i heile landet. No står det att å sjå om styresmaktene støttar planane i behandlinga av kulturbudsjettet i haust. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar




Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus