Nynorsk med spennvidde

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): «Nynorsk i utvikling» er tittelen på den nye tekstsamlinga som 850 elevar i den vidaregåande skulen i Oslo skal bruke i det treårige forsøket med valfritt skriftleg sidemål.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Direktør for Utdanningsetaten i Oslo, Astrid Søgnen, held tommelen opp for tekstsamlinga ”Nynorsk i utvikling”, som 850 Oslo-elevar skal få til odel og eige. (Foto: Kari Hamre, NPK).Direktør for Utdanningsetaten i Oslo, Astrid Søgnen, held tommelen opp for tekstsamlinga ”Nynorsk i utvikling”, som 850 Oslo-elevar skal få til odel og eige. (Foto: Kari Hamre, NPK).

I 2004 gjorde Oslo bystyre eit vedtak om å prøve ut ei ordning med valfritt skriftleg sidemål i ni vidaregåande skular i kommunen. Målet er at elevane skal bli betre i det skriftlege hovudmålet sitt. Dei skal få betre haldningar til norskfaget generelt og sidemålet spesielt.

For dei fleste av Oslo-elevar er sidemålet nynorsk. For å få prosjektet godkjent vert det derfor stilt høgare krav til lesing av nynorsk litteratur enn andre elevar. Som ein del av forsøket må forsøkselevane lese minst 50 sider nynorsk sakprosa og minst tre tekstar av Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vinje.

Det Norske Samlaget har derfor, i samarbeid med Utdanningsetaten i Oslo, no laga ei tekstsamlinga som dekkjer desse krava. Redaktørar har vore Rune Gjerde og Randulf Rønningen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Elevar i særklasse


- Kanskje skriv vi ørlite historie i dag. For første gong er det laga ei samling av nynorsktekstar berre for elevar i Oslo. Dette er unikt, sa direktør for Utdanningsetaten i Oslo, Astrid Søgnen, då ho fekk overrekt det første eksemplaret av «Nynorsk i utvikling» på ei tilstelling ved Hartvig Nissens skole i Oslo.

Ho er så nøgd med resultatet frå Samlaget at ho meiner alle elevar i Noreg eigentleg burde fått eit slikt hefte. No skal alle Oslo-elevane i forsøket få kvar sitt eksemplar gratis.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå Aasen til Nilssen

Redaktørane har hatt svært mykje stoff og velje i. Dei har valt ut 20 forfattarar, frå Ivar Aasen til Olaug Nilssen, og har lagt vekt på å vise utviklinga av det nynorske skriftspråket opp gjennom åra.

Sakprosadelen inneheld tekstar frå ulike samfunnsområde som skule, kyrkje og det offentlege. Der finst også tekstar om språkleg påverknad og om eigen dialekt, betraktningar om det å reise og om det urbane. Her er eit variert utval av sakprosasjangrar.

Boka viser korleis nynorsk har endra seg både med omsyn til ortografi og syntaks og korleis nynorsk kan bli brukt til meir enn lyriske strofer. I tillegg til dei ulike tekstane er det også ein del arbeidsoppgåver.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bruksspråk


- Føremålet med Nynorsk utvikling er å vise at nynorsk er eit bruksspråk og ikkje berre eit språk som eignar seg til lyrikk. Vi prøver å vise noko av breidda i språket. Eg har møtt mange lærarar som har gjort sitt beste for at elevane ikkje skal like nynorsk, sa forlagssjef Nina Refseth i Samlaget. Ho håpar no at tekstsamlinga og arbeidsoppgåvene blir ein språkpraksis og ikkje berre ei eksamensøving.

- Det er modig og positivt at Samlaget har teke på seg å lage ei slik tekstsamling. Osloungdom er ikkje kjent for å ha ei veldig positiv innstilling til sidemål. Det skal bli interessant å sjå om haldningane til nynorsk endrar seg etter dette prosjektet, sa Astrid Søgnen.
(NPK - Kari Hamre)