Habermas har fått Holbergprisen

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Professor Jürgen Habermas er ein svært verdig vinnar av Holbergprisen og ein framifrå representant for det tverrfaglege som Holbergprisen skal fremje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det vitskaplege arbeidet til Jürgen Habermas har gjort sitt til auka forståing av viktige omgrep som demokrati og rett og europeisk integrasjon.

Forskinga hans gjeld i stor grad politiske og dagsaktuelle tema.
Dette seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet etter at Universitetet i Bergen har plukka ut den tyske professoren Jürgen Habermas som vinnar av den internasjonale Holbergprisen.

Prisen vert delt ut for framifrå vitskapleg arbeid innan humanistiske fag, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen har ein verdig på 4,5 millionar kroner.

Habermas (født 1929) er ein av dei mest markante samfunnsforskarane i vår tid. Arbeidet hans spenner over eit breitt spekter av humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, mellom anna filosofi, etikk, samfunnsteori og sosiologi, politisk teori, juss og rettsteori.

Han er professor emeritus ved Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main i Tyskland.

Holbergprisen er kalla opp etter den norsk-danske akademikaren og dramatikaren Ludvig Holberg. Han var professor i metafysikk og logikk, latinsk retorikk og historie ved Universitetet i København. Holberg var med på å modernisere desse fagfelta og vert av mange rekna som ein tidleg grunnleggjar av faget statsvitskap. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar