Biografi om nasjonsbyggjaren Jørgen Løvland

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jørgen Løvland var den første utanriksministeren i Noreg. I dag er han nesten gløymd. Når det er snakk om unionsoppløysinga i 1905, er det først og fremst Christian Michelsen og den store innsatsen ha

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, NPK

- Men venstremannen Jørgen Løvland frå Evje var ein einar og ein lynande intelligent statsmann, seier statsvitaren Per Eivind Hem, som no har skrive biografien om Jørgen Løvland.

- Tittelen «Vår første utanriksminister» gav seg sjølv seier Hem, og fortel at som medlem av Michelsens regjering fekk venstremannen Jørgen Løvland i oppdrag å leggja fram det norske vedtaket til konsulatlov i Karlstad. Etter unionsoppløysinga skulle han stå for utanriksstyret og organiseringa av Utanriksdepartementet.

- Utanrikspolitikken skulle først og fremst tryggje 1905-vedtaket. Løvland la sterk vekt på fred framfor makt, men gav fort uttrykk for at han ville ha ein kraftig utanrikspolitikk, seier Hem, som vurderer Løvland til å vera meir markant i utanrikspolitikken enn det ein hittil har meint.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Statsvitaren Per Eivind Hem har skrive biografien «Jørgen Løvland. Vår første utanriksminister» (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Statsvitaren Per Eivind Hem har skrive biografien «Jørgen Løvland. Vår første utanriksminister» (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

Løvland ville at Noreg skulle ha ei eiga stemme ute i verda, og sleppe å gå om Stockholm når det skulle forhandlast. Ved å forhandle med stormaktene om ein integritetstraktat, markerte Løvland Noreg som ein sjølvstendig stat, seier Hem.


Målmannen


Jørgen Løvland var bondeson frå Evje ved Kristiansand. Han var kunnskapstørstig og lysande intelligent. I barndom og ungdom hadde han alltid med seg bøker der han var.

- Hjernen hans kvilte aldri. Aasmund Olavsson Vinje var idolet. Gutungen las «Dølen». Han vart målmann alt som 12-åring, og seinare formann i Noregs Mållag gjennom fleire år. Løvland fekk innført den obligatorisk sidemålsstilen og stod bak fleire reformer. Men det var ikkje før langt ut i 1920-åra at han våga å halde dei politiske talane sine på landsmål.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Lærar og redaktør


Løvland starta yrkeskarrieren som lærar i Kristiansand frå 1866-78. Seinare vart han redaktør av Christiansands Stiftsavis, og det var springbrettet til rikspolitikken.

Då statsminister Christian Michelsen vart sjuk, tok Løvland over som statsminister i 1907. Han gjorde det høgst motvillig, for han visste at regjeringa kom til å få ei kort levetid. Og slik gjekk det.

Løvland vart felt av sine eigne partifellar i venstre, under leiing av Gunnar Knudsen og Johan Castberg. Men etter kvart ville han tilbake, fordi han meinte at ingen andre kunne ta seg av målsaka. I 1908 kom han tilbake og då var Gunnar Knudsen den beste støttespelaren. På landsmøtet i 1909 vart Løvland vald i landsstyret, seier Hem.

Jørgen Løvland var leiar i Nobelkomiteen og det var han som fekk kjøpt bygningen som huser Det Norske Nobelinstitutt. Når direktør Geir Lundestad i instituttet skal trekkje opp dei store linene og karakteriserer Løvland brukar han ordet nasjonsbyggjaren.

- Venstremannen Løvland markerte seg sterkt politisk, språkleg og i saker som telefon, jarnbane - kort sagt det som byggjer og knyter landet saman, seier Lundestad, og fortel at det hittil ikkje har vore skrive bøker om Løvland, knapt nok artiklar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Landsmålet eit hinder


Men så er spørsmålet kvifor ein så ruvande og dyktig politikar er mest gløymt i dag.

- Det har eg eit svært klart svar på, seier barnebarnet Tuva Løvland Linge. Bestefar var målmann då det ikkje var comme in fault.

Statsminister Kjell Magne Bondevik har snakka så mykje om mobbing, men de skulle berre visst. Det var ikkje lett den gongen å koma til hovudstaden og snakke landsmålet. Det er vel ikkje så lett i dag heller, seier Løvland Linge.

Jørgen Løvland måtte tole hån for målet sitt og var eit ynda motiv for karikaturteiknarane for påklednaden sin. Biografien om Jørgen Løvland er på vel 600 sider, og er komen ut på Det Norske Samlaget. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk
- Helse og samliv
- Kultur
- Mat og Drikke
- Moro
- Nett
- Nyhende
- Konkurransar